lørdag 10. november 2012

Lukt av brunst

Det er den tida på året. Det siste lauvet har sleppt taket på trea, nysnøen ligg i fjella og ikkje minst er det lukt av brunst i lufta. Det er med andre ord tid å sleppe friarane til!

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Dagen starta med å sette opp ledenot, og ikkje lenge etter var dei sju vêrane i godt driv med oss og tre sambygdingar frå Fjørtoft Beitelag i helane. Fem av vêrane skulle ut i Uksnøya, mens dei to andre hadde villsaulaget på Fjørtofta kjøpt. Når vêrane er i toppform kjem hjelpa godt med, spesiellt når markane er tunge av regn. Etter litt fram og tilbake gjekk vêrane ned i ein liten blindveg i gjerdet, og vi såg vårt snitt til å prøve å fange dei der.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Ikkje alt gjekk heilt som vi håpte på, men etter at røyken hadde lagt seg var i alle fall to av vêrane sikra.

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Resten av gjengen kom seg unna, men ikkje lenge etter hadde vi fått trengt dei ned mot ledenota og fått dei sikra. Etter ei dose medisin, var det klart for å laste dei på traktoren og frakte dei til båten.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Vêrane var ganske tamme, sjølv fleire månader etter siste nærkontakt med menneskjer. Når dei vart henta i sommar var dei handtamme, men når dei kom i same gjerde som dei eldre vêrane som ikkje lenger var so tamme, trekte dei samla bort frå når ein kom for nær. Ombord i båten var det klart for å sette kurs mot Uksnøya der søyene venta på dei nye friarane.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Foto: Åshild K. Fjørtoft
Fleire av vêrane hadde ikkje latt båtturen gått ut over matlysta, og litt kraftfôr frå handa mens dei venta på å verte sleppt fall i smak. Alle fekk også nye kvite merkjer, slik at dei ikkje hamnar i klammeri med myndigheitene om dei skulle dukke opp mens dei er opptekne med andre ting. Vi sjekka også klauane og ga dei ei lita oppfrisking med kniven. Når dyra berre går på mark og lyng slit dei ikkje klauane slik dei skal, og ein må stelle dei ved å skjere bort den hardare kanten på klauen. Når dei går i fjøre og på berg, slit dei klauane rettare, og ein slepp som regel å gjere noko med dei.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Å få vêrane på land er ein ting, ein annan er å hindre dei i å hoppe opp i båten igjen. Dei er trygge i lag med andre, og når fleirtalet står att i båten, kan det heile utarte seg til eit lite sirkus.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Foto: Åshild K. Fjørtoft
Oppe på vøra, var det tid til ein siste smak på kraftfôret før dei skulle ta fatt på arbeidet sitt.


I det vêrane starta so smått å trekke opp mot land, oppdaga eg på at fadesa ikkje var langt unna! Vi hadde gløymt å montere GPS-sendaren! Heldigvis fekk eg tak i horna til ein av vêrane, og ikkje lenge etter var klaven under montering.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Oppe på stranda starta dei å snuse på alt det spennandes dei såg.



Søyene hadde akkurat trekt litt unna, men lukta hang tydlegvis i lufta. Ein av vêrane starta å snuse etter dei med det spesielle lukteorganet over ganen, som mellom anna gjer at dei kan merke søyer i brunst. Den noko spesielle grimasa vert kalla flehmenrefleks.


Vêrane rusla so bort på oppdagelsesferd mens eg tok turen å sjå etter flokken.


Søyene var litt lengre nord, og såg ut til nyte det fine vêret. Etter å ha studert dei litt gjekk turen heimover for vår del. Vêrane brukte nok ikkje lenge på å finne dei slik at flørtinga kunne starte. Om du kikar innom GPS-sporinga oppe på sida får du kanskje ei oppdatering om kor dei oppheldt seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!