Villsauåret 2013 er snart ved vegs ende. Det har vore eit svært hektisk år på mange måtar, og det har difor vore knapt med tid til å legge ut bilete og tekst frå villsaudrifta. Vi tek difor eit ekstra grundig tilbakeblikk i år, slik at du kan få sjå litt av kva villsauåret har gått med til. Her kjem del 1.
| Villsaujenta på veg på tilsyn i februar |
| Det er ikkje enkelt å krysse fjorden heimatt i slik vêr, so då får ein vente til det klarar |
| Villsauane leiter etter mat som stikk ut av snøen på haugen vest for løa |
| Ingenting er so gale at det ikkje er godt for noko - stormane bryt tare opp på land, noko som villsauane veit å sette pris på |
| Sørsida av Storholmen brenn godt og varmen vart so sterk at underteikna nesten måtte rømme på sjøen |
| Storholmen på Uksnøy i full fyr - ein av dei mange holmane som vart brent under fantastiske forhold denne dagen |
| Månelandskapet varer ikkje lenge. Allereie etter eit par veker vil spirane stikke hovudet opp av oska |
| Røyksøyla frå ein av holmane vart observert frå mange fjelltoppar rundt om på Sunnmøre |
| Ein gammal saueskalle dukkar fram etter at einer og lyng er brent ned |
| Terje er meget godt nøgd med den nye vårpynten sin |
Kik innom for meir bilete frå villsauåret 2013. Villsausida vil også nytte høvet til å ønskje alle lesarar god jul!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Legg gjerne igjen ein kommentar!