onsdag 1. januar 2014

Tilbakeblikk på villsauåret som gjekk - del 3

Våren var komen for fullt, det vart varmare i veret, og det mangla ikkje på arbeid. Først ut var bygging av ei ny kai!

 

Når flytebrygga ute på øya må takast inn kvar haust for å unngå å verte knust av dei mange stormane som kvart år tek turen innom øya, vert det straks vansklegare å lande for å føre tilsyn med dyra. Vi hadde difor lenge drøymd om å få oss ei lita kai som kunne gjere det lettare å lande når flytebrygga er i opplag på Fjørtofta. Kjartan hadde samla deler i fleire år, og denne våren hadde han sveisa delane saman til ei kai. Planen var å krane den ferdige stålkaia på plass og forankre den fast i land.

Ein vakker vårdag tok vi tideleg fri frå arbeid og sette kursen utover. På Fjørtofta vart kaia lasta ombord og vi sette kursen mot Uksnøya. Det vart dessverre dårleg med fotografering under kraninga, då fellandes sjø og noko knapt med mannskap gjorde det heile til ei større utfordring enn vi sette pris på. Operasjonen vart ein kamp for å unngå at båten vart liggande fast på sanden når sjøen trekte seg unna. Heldigvis greidde vi til slutt å få kaia på plass og låst den i posisjon før båten fall tørr.

Terje og Kjartan arbeider med å låse fast kaia





Kjartan borrar hol i berget for å sikre kaia til land

På heimveg etter å ha fått kaia på plass - Uksnøya i bakgrunnen

Kaia i bruk kan du sjå her.

Neste ut var sommarsankinga på Uksnøya. Når dyra skal sankast må vi ha floa og fjøra på vår side. For å få alt til å passe, vart sankinga i år litt tidlegare enn vanleg. Dessverre gjorde dette i kombinasjon med ein sein vår at klippinga og nappinga vart vansklegare enn vanleg.

Ingjerd og Endre på veg for å starte driving av dyra frå aust




Noko av øyriket sett frå Høgværhaugen - spiringa etter lyngbrenning er tydeleg


Det var ikkje berre våren som var seint ute i år - her er eit reir med svartbakk- eller stormåse-egg

Villsauflokken er samla og arbeidet med klipping og napping kan starte


Juliane leiar ei nyklipt søye mot vekta

Caroline stiftar bekjentskap med eit av årslamma

Terje er meget godt nøgd med klippebukken som gjer at villsauen kjem i rett arbeidshøgde

Noko av spenninga dennen gongen var kor tam vêrane vi hadde kjøpt året før var. Dei var handtamme når vi kjøpte dei, men hadde gått i 8 månader i lag med flokken og vorte forvilla. Heldigvis gjekk det ikkje lenge før dei kom bort å snusa på oss og kraftfôret.

Natalie og vêren Malo finn tonen


Villsauane har luktkjertelen sin i anletet og finn det difor naturleg å helse ved å snuse og klemme.
 
Etter at villsauane er klare til å sleppast, går dei inne på tunet for å finne tilbake til lamma sine. Vi slepp dei so i samla flokk.
Sauesankinga gjekk flott og vêrane vart frakta på sommarferie på Fjørtofta. Kik innom for å få med deg neste del av tilbakeblikket vårt!

Villsausida ønskjer alle våre lesarar eit godt nytt villsauår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!