mandag 22. januar 2018

Å temme ein villsau - del 2

Som du kanskje har fått med deg, greidde vi å temme sauane på Uksnøya. Vi er rett nok ikkje heilt i mål, men flokken har eit heilt anna forhold til folk no enn tidlegare. 

Ta gjerne ein kik på del 1, der eg skreiv om korleis vi gjekk fram for å temme flokken vår. Den kan du opne ved å klikke her.

Liv og farfaren på veg mot nye eventyr
2017 kjem ikkje til å verte hugsa for året med god høyterre, og lageret av tørrhøy lot seg ikkje erstatte med nytt. Vi har difor ikkje kunne "sløse" med fôr slik vi har kunna før når vi har vore på tilsyn, og spenninga var stor når første 20-kilos høyballen vart spretta i romjula: kom dei til å kome springande til oss slik som før? Jauda, sauane var ikkje vanskelege å be, til det lukta høyet for godt.

Det er nok ein del kjekkare for både små og store når ein får kontakt med dyra ute på tilsyn. Skal ein få interessa til å drive med sau inn i komande generasjonar, er slike minne gull verdt.

Vi har tidlegare ikkje fått søyene til å ete av kraftfôret vi har med til vêrane, men no når vi var ute på tilsyn i helga, starta dei første å smake. Då gjekk det ikkje lenge før fleire heiv seg på. Enkelte vil kanskje tenke: "KVA!? Har Daniel starta å gje dyra sine kraftfôr??". Til dokke vil kan eg berre forsikre om at dokke kan ta det heilt med ro. Vi har ikkje tenkt å starte med "gris", men om å gje flokken ein liter eller to kraftfôr på deling, eit par gongar i månaden no på vinteren, gjer at vi kan "kjøpe oss tilgang" til flokken, er det ein veldig rimeleg pris å betale.

Når det gjeld sjølve temminga, må vi fortsatt forhalde oss litt roleg, og vi kan ikkje gå gjennom flokken å ta på dyra. Heldigvis går det rette vegen, og etter kvart som fleire og fleire av dyra vert rolegare, skal det meir til for flokken flyktar. Dyra kjem no springane når dei ser båten og høyrer stemmene våre rope på dei, men søkjer ikkje opp framande. Det har vi heller ikkje noko ønskje om.

Her kjem nokre bileter frå tilsynet vi var på no i helga. Ha ei fin veke, og hugs å følgje Villsausida på Facebook for å få oppdateringar og villsaustoff!

Pioneeren har gjort strandhogg på Uksnøya
Utsikt mot Fjørtofta og Skuløya, Haramsfjella i bakgrunnen
Vinteren kan vere fin, også her ute i havgapet

Godstemning i ettermiddagssola
Zorro, den største vêren vi har i flokken i år, er både glad i mat og kos
Villsau i lyngheia
Liv fekk endeleg treffe Zorro igjen, etter ein vinter med mykje dårleg vêr og grov sjø
Eit av dei nye vêrlamma vi kjøpte takkar ikkje nei til litt kraftfôr
Jenteklubben nyt ein smak av sommar
Klar modelloppdrag

"KNIPS"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!