søndag 23. september 2018

Historia om Turid


Mormora mi, Turid, er på sett og vi grunnen til at eg driv med villsau. Det er igjennom ho Uksnøya kryp inn på «mi grein» på slektstreet. Men det er ikkje først og fremst som eigedomsmagnat Turid er kjent. Det er som kokke og bakstekone; for dei fleste som besøker Uksnøya rekk knapt å sette foten i land før ho kjem springane med nydeleg gjærbakst!


Det er slik du oftast ser ho; bydande på vasskringler eller andre godsaker

Turid vaks opp på garden Nytun på Fjørtofta, og brukte ofte somrane til å hjelpe slekta på Uksnøya med gardsdrifta. Likevel vart det ikkje gardskjerring av ho. Ho arbeidde som kokke, på fiskebruk, som reinhaldar, dagmamma og avisbod. Slik sett var det synd for jordbruksnæringa, for Turid har alltid vore eit arbeidsjern. Sjølv no, oppe i åttiåra, stiller ho opp på dugnad når noko skal gjerast, og sist den store løa på Uksnøya vart måla, var det ho som måla gavlveggen, og stod på øvste trinnet på den lengste stigen på garden. Ein annan ting mange kjenner ho som, er strikkemaskin. Ingen veit talet, men det er ikkje få tjukkeraggar, tjukkegenserar, ullbukser og andre strikkeklede som har funne vegen til slekt og venner, for ikkje å gløyme barneheimane i Aust-Europa.
Ullkleda har også kome henne sjølv til gode. Eg kjem spesielt godt i hug vinteren 2012, når gradestokken viste alt for mange minus, og vi var på veg ut til Uksnøya på dugnad. Vinterstid er der ikkje flytebrygge på Uksnøya; til det er det for vêrhardt. Då måtte vi legge den største båten på bøya, og bruke småbåten for å gå i land. Det var kald og frisk vind frå aust, og godt med bårer, i det Turid skulle ta steget over i småbåten. Turid har alltid vore glad i å bade. Også denne gongen tok ho det med eit smil, sjølv om det ikkje var heilt planlagd. Heimreise var uaktuelt, ho ville opp i huset. Fyr i vedomnen, tørre klede, og so i arbeid.
Det seiest at gjærbaksten til Turid er velsigna, og at det er dei som har vore med på sauesanking i ei årrekkje, berre for å få smake på vasskringlene, som sjølvsagt er toppa med godt meierismør. No bør ein kanskje ikkje skrive det på ein slik stad, men baksten er også avgjerande for å halde seg inne med Mattilsyn, Debio og andre etatar ein treng å vere på godfot med. Gåver er som kjent ikkje innanfor, men ei kringle eller to til ein svolten inspektør må vel vere lov..?

Her har ho bytt ut kjøkkenteneste med coopersect.
Eg skal nok innrømme at alt dette «maset» om mat, kan vere irriterande til tider. Når dagslyset minkar på, og sveitta renn i det båtane vert lasta med dyr for å rekke å bli ferdig med å frakte dei over til Fjørtofta, er det ikkje mat og kos i Gamlestova som ligg fremst i hovudet. Likevel er det ikkje til å kome frå, at utan mat og kos, ville sauedrifta vore kortliva. Den sosiale ramma rundt arrangementet er avgjerande for å få frivillige til å stille opp å hjelpe oss, og her spelar Turid ei avgjerande rolle. Det er ho, og dei seinare åra også systra Elsa, som varmar mat og steller til på sankingane, slik at svoltne sauegjetarar kan ta ein pust i bakken og litt mat, medan dei fortel ei og anna røvarhistorie frå ei tidlegare sanking.
Turid likar seg godt på Uksnøya, men like sikkert som at kvelden kjem sigande, er at ho startar å lengte heim til Fjørtofta. Minna frå å vere «fastlåst» der ute som born, i veker med nordavinds-kuling som gjorde det uråd å reise heim til foreldra på Fjørtofta, sit fortsatt i. Heldigvis er båtane i dag gode, og kryssar fjorden i all slags vêr. Då kjem gjerne Turid ut igjen dagen etter.
Sjølv om Turid er unik, fins det heldigvis mange slike heltinner rundt om endå, og ikkje minst har dei vore  mange av opp igjennom historia. Dei som kanskje ikkje vinn ære og den største omtalen i avisa, men like fullt er avgjerande for suksessen. Slik sett passar ho godt inn i ei lang rekkje fiskarbondekoner. Dei som stelte borna, strikka klede, laga mat og dreiv gard når karane var på fiske.
Mi kjære mormor skal snart under kniven for å verte kvitt ein svulst i magen. Slik vêret har vore denne hausten, kan det vere at vi må prøve å greie oss utan ho på sankinga. Kjenner vi ho rett, er det ikkje lenge før ho igjen står på kaia med kjølebagen pakka med godsaker, klar for ein tur til Uksnøya.
Alle i familien ønskje rask og god betring.

PS: hugs å sette pris på dine kvardagsheltar!

Turid er blid og glad over at sankinga gjekk bra denne gongen også.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!