Uksnøya

Uksnøya, ei lita øy uti havet i Sandøy kommune, heilt i grensa mellom Sunnmøre og Romsdal har ei rik historie som strekkjer seg langt tilbake i tid. For meg er den paradis på jord. Alle dei gode minna eg har der ute frå, både i oppveksten min og frå nyare tid er svært verdifulle for meg, og eg gledar meg alltid til nye turar ut hit i lag med kjente og kjære. 

 

For at du skal få eit lite innblikk i historia og staden Uksnøya, har eg laga ein presentasjon med ein del bilete frå Uksnøya.


Namnet på Uksnøya kjem vonleg av at øya i eldre tid var nytta som hamning (utmarksbeite) for uksar. Sist i mellomalderen var øya eit fiskever å kalle. - Sitat frå Rasmus Løvøy i Stig si særoppgåve.


Sandstranda viser seg frå si beste side

Det første ein finn om øya i skriftlege kjelder er frå historia om Erling Steinvegg som i hærtog mot Nidaros i kamp om kongetittlen i Norge overnatta på Yxnø den 20. april i 1206. I 1586 vert Nils på Uksnøy nemd. Han kjøpte seinare øya og markerer også starten på den kjente slektslina fram til i dag. I 1625 delte enkja til Nils øya på dei to sonane Jens og Iver, og etter det har det alltid vore to gardar på øya. Fram til nyare tid låg likevel begge gardane på same tunet.

Ei teikning (truleg rundt 1900) viser at det tidlegare var mange fleire hus på tunet enn i dag.
I tidlegare tider då dei små opne båtane vart sigla og rodd ut på fiske på dei rike fiskeområda her på Mørekysten, var nærleiken til havet avgjerande. Det at Uksnøya låg so langt ute, førte til at dei som budde der hadde eit konkurransefortrinn, sidan dei sparte verdifull tid og krefter. Skjergarden var også rik på hummar, måseegg og ikkje minst gjorde dei milde vintrane det råd å drive gard på øya.

Rasmusgarden, slik mange har møtt den på veg opp frå vøra
Tidlegare var det både høner, sauer, kyr, gris og kornproduksjon på øya. Det vart også tørka mykje fisk på berga, og sal av denne i lag med hummar og smør gjorde at dei som budde der levde godt av det naturen skjenka dei. Smøret som vart produsert på Uksnøya heldt særs høg kvalitet, og fekk fleire gongar førstepreime frå meieriet i Ålesund. Dette ga dei eldre det flotte graset på øya æra for.



Likevel var det hardt arbeid å livnære seg. Over dei små knausane og flatene med rullestein av det som tidlegare var fjøre og havbotn, er laget med matjord tynt og verdifult. Gjødsel vart henta frå dyra, men og i stor grad frå havet i form av tang og tare. Eg har blitt fortalt at det vart spadd jord på naboøya Harøya, som vart rodd ut til Uksnøya for  å betre markane.

Sjøsetting med historisk sus - ein av dei gamle færingane frå naustet får nyte sommaren på sjøen
Fiskeriet i opne båtar vinterstid ute til havs har også krevd sitt. Der ute kan vêret kan snu på eit augeblikk, og kraftig vind frå feil retning kunne gjere det umogleg for fiskarane å kome seg heim.  Mang ein Uksnøying har nok trekt sine siste andedrag, forfrosen og våt ute på havet. Verre var det om heile mannskapet kom bort, då båtane ofte var vart drevne av brør, fedre og onklar. Slikt var sjølvsagt ei katastrofe for eit lite samfunn og familiane som vart råka.

Vinterdag etter storm



På Rasmusgarden, står det i dag mellom anna ei gammal røykstove frå 1500-talet. Dette huset er det eldste som står på sin opprinnelege plass på Mørekysten. Den vart seinare påbygd, og nytta til våningshus fram til det "nye" huset vart bygd i 1876.

Gamlestova - delen lengst til venstre er frå 1500-talet


Dei to gardane hjalp kvarandre med både med jordbruk og fiske. Dei var også flinke å dele, mellom anna vart hummaren delt likt mellom gardane. Den gongen var hummaren so talrik at ein ofte kunne sjå måsen plukke opp hummar i fjøra ved å bite den i skoppa og flyge den inn på land. Måseegga, ein viktig del av kosten, vart også delt likt.



I 1906 vart øya delt på midten. Rasmusgarden fekk det som låg i sør, medan Knutgarden fekk området i nord. Utmarka var felles for gardane. Før dette hadde øya vore delt opp i teigar. To år seinare vart det svært spesielle Smith-huset bygd nær der som løa til Knutgarden hadde stått frå gammalt av. Dette vart bygd av den tyske murararen Smith, som hadde vore med å bygd opp Ålesund etter bybrannen.




I dag er Uksnøya fråflytta, dei siste fastbuande flytta der i frå i 1958. Motoriseringa av fiskeflåta hadde viska ut forspranget til dei små samfunna lengst ut mot havet, og betre kommunikasjon og større hamner på naboøyane førte til at det som ein gong var eit livleg samfunn, hadde døydd ut.
Rasmus, ein av dei siste fastbuande på øya, flytta til naboøya, men reiste ut til barndomsheimen og paradiset sitt so snart han hadde moglegheita. Rasmus hadde ingen direkte etterkomarar, og når han vart eldre forfall Rasmusgarden i takt med Rasmus si minkane emne til å ta seg av dei mange husa.

Etter at øya vart fråflytta, vart øya nytta til sommerbeite for sau frå naboøyane, men flått var eit stort problem, og i takt med nedlegginga av sauedrifta på naboøyane starta øya og tilhøyrande holmar å gro igjen.



Redninga for Rasmusgarden skulle vere familien til søskenbarnet hans, Toralf, som fekk fornya interesse for staden. Ein stor redningsoperasjon med å mellom anna skifte tak, berebjelkar og bordkledning kom igong. Rasmus var svært glad for at garden som hadde vore i slekta i fleire hundre år og betydd so mykje for han kom i stand att, og at han fekk leve til å oppleve dette.
I dag er husa i god stand, men å halde fleire gamle og verneverdige hus ved like er krevjande, spesielt når alt av material og utstyr må fraktast ut med båt.
Ein haustdag i 1993 vart eg spurt fri frå skulen. Eg skulle få fri dei tre siste timane, og so snart skuleklokka ringte ut, heiv eg med på sykkelen. På veg heim frå skulen kjem eg godt i hug korleis eg passerte ein traktor i godt driv heimover. Eg hadde aldri sykla so raskt heim frå skulen som denne dagen, men so var ikkje dette ein kva som helst dag. Denne dagen skulle ein flokk villsauar fraktast ut på Uksnøya! Pappa var allereie kome ombord i båten og låg med moteren i gong. Dyra var i ferd med å verte lasta ombord i havtraktoren som skulle frakta dei ut frå Harøya. Her var det ikkje rom for drøling!

Drifta med villsau kom i gong som eit tiltak for å redusere skadane grågåsa medførte på innmarka på naboøyane. Målet var at markane på øya skulle kome tilbake til gammal glans, og soleis vere attraktiv for gåsa. Dette var eit samarbeid mellom landbrukskontoret, grunneigarane og bondelaga på Fjørtofta og Harøya. 17 lam vart henta frå Smøla, og neste vår hadde dei 14 søyelamma fått kvart sitt lam.

Sauesanking på Uksnøya på midten av nittitalet - markane i bakgrunnen bar framleis preg av forfall


Den gongen var villsau ukjent for dei fleste.  Det er med eit smil om munnen eg minnest at vi vart fortalt at kjøtet var so dårleg på smak at det ikkje kunne brukast som mat. Det vart fremma forslag om at ein då måtte grave ned kjøtet når flokken vart for stor. Heldigvis vart nokre vêrlam teke med heim og slakta, og resten er, som ein ofte seier, historie.





Sauane treivst godt, og dei gamle markane kom i stadig betre hevd. Grågåsa fann også vegen, sjølv om det dessverre ikkje vart mindre gås på naboøyane. For pionerarbeidet fekk partane tildelt Møre og Romsdal sin Kulturlandskapspris.


Ein ting som ikkje var fullt so bra, var at tuene som hadde dominert innmarka, framleis stod igjen.  Enkelte stader kunne dei vere godt over ein halv meter høge. Ein sommar eg og nokre kameratar ferierte på Uksnøya, gjorde vi forsøk med å knuse tuene med ein ombygd plenklippar. Ei mark rett nedom tunet vart rydda for tuer ,og resultatet vart so bra at vi neste sommar fekk frakta ut traktor, og arbeidet kunne starte for alvor.





Patenttalje reddar dagen etter eit lite arbeidsuhell på blautmyra















Lyngbrenning vart også henta fram av gløymeboka, dette for å få lyngheiene tilbake til gammal hevd.

Sidan oppstarten har vi ikkje registrert flått på dyra, ei heller på oss sjølve. Vi har heller ikkje hatt problem med snyltarar eller anna sjukdom. Mykje av æra må dyra sjølv få, sidan dei er flinke til å sjølvmedisinere seg og stadig flytte til nye beiteområde.

I dag er det meste av tuer borte, men arbeidet med å brenne lyng fortsett. Ei anna utfordring som har dukka opp er vegtistelen, som har fått etablere seg sidan sauane ikkje beiter på denne. Dei seinare åra vert denne slått med slåmaskin og stuttorv, for so å verte brent. Håpet er å få stoppa spreiingaa og få den under kontroll.

Soloppgang i aust - ein grytideleg sommarmorgon
Ingen dagar på Uksnøya er like, og nærleiken til havet og naturen gjer inntrykk på alle som tek turen ut dit. Fargane og lyset, langt frå fjell som kan skugge, kan vere verdt turen åleine. Det å rusle på stranda og høyre på  bølgeskvulp i måneskin, langt frå bilar og gatelys, ja, det er rett og slett magisk.

Sommarnatt frå kjøkkenvindauget




Panorama mot vest






På veg heim frå fisketur
Ein annan ting som slår ein, er kor vêrhard det må vere der ute. På ein roleg sommardag er det kanskje lett å gløyme, men spora rundt deg fortel at om ikkje lenge skal hauststormane igjen skal piske mot øya. Dei få trea på øya veks unna vinden, og kan vere eit syn i seg sjølv.







Det alltid er spesiell kjensle å kome ut til Uksnøya, med alle dei gode minna og den vakre naturen. Men det er også vemodig å tenke på at samfunnet som hadde vore so livleg i mange hundre år døydde ut. Å forestille seg korleis det måtte kjennes når dyra vart slakta ned og dørene låst. Det er ei kjensle som dessverre ikkje er alt for framand, sidan eg vaks opp på Fjørtofta, ei naboøy som også vert "innhenta" og prega av fråflytting og tap av arbeidsplassar.

Når eg tenkjer på alle forfedrene mine som har levd og døydd på denne staden og alt arbeidet dei la ned i rydde markane, bygge steingardar og hus, kjenner eg ærefrykt og respekt for den gamle og ærlege måten å leve på. Dette står ofte i skarp kontrast til måten vi lever på i dag. Ei trøyst er at øya i dag vert halde i hevd og at sauane som gjer det, er like dei som tidlegare gjekk der ute i havet i fleire hundre år, og på den måten held liv i minna om ei tid som var.

Songen om Uksnøya av Rasmus Løvøy

Slik ser me den øya langt ute ved havet,
i soldis ho speglast mot himmelen blå.
Med haugar og vollar, med svaberg og stier,
med tangkledde fjøra rundt vikar og flu.
Så herleg og godt er her ute å bu.

I skiftande tider på land og på sjøen,
har her våre fedrer skapt heimer og tun.
Her dyrka dei jorda på steinute bøen,
her rodde dei fiskja med årar og segl.
Ein minnerik tidbolk i yrkja og helg.

Ei samkjensle rådde hjå folket på øya,
til kyrkje og kvardag me reiste ilag.
Den samhug med nesten ga trivsel og glede,
det daglege arbeid vart vonfullt og lett.
Fin skatt som er arva frå ætt og til ætt.

I vinterens stormar blir tolmodet prøva,
men vårbrisen kveikjer ein lengsel på ny.
Når fuglane legg seg på reiret og dormar,
og seien bit lystig ved tare og flu.
Då dreg me til Uksnøy i lag, eg og du.

Der lunt i ei vik finn me støa og voren,
og oppe på haugen eit utsyn så fritt.
Men inne i stovene kviskrar det minne,
om tider som var, og til soga er blitt.
Ein fristad for hugen og tanken så tidt.


Som kjelde for ein del historisk informasjon har eg har nytta den flotte særoppgåva som Stig Terje Fjørtoft skreiv etter intervju med den siste som flytta frå øya, Rasmus Løvøy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!