onsdag 18. oktober 2017

Villsau med ein vri – porsmarinert lammebog

Før vi kjem til poenget; sjølve matretten, må vi innom Tor. Tor er ein ekte matentusiast, og sau står høgt oppe på favorittlista. Han har kjøpt lam av meg i fleire år, og kvar gong vi snakkast får eg gode mattips. Eit av desse tipsa, var å marinere lammekjøt i pors.

Pors er ei plante du kanskje ikkje har høyrt om, eller tenkt særleg over. Det er i grunn litt rart, for planta har lange tradisjonar her til lands, og har gitt namn på både Porsgrunn og fleire stader og vegar rundt om i landet. Sjølv hadde eg ingen kjennskap til ho, men når Tor anbefalte ho, måtte det prøvast. Ein augustdag ringte eg Tor for å få vite kor eg skulle plukke pors. –Ta det heilt med ro Daniel. Eg plukkar litt, og kjem innom deg.

Ein tørka kvast med pors klar til bruk

Om dette skuldast at ikkje ville dele dei beste lokalitetane, eller om han berre er svært generøs skal vi ikkje dvele vidare ved no, men ikkje lenge etter kom Tor innom i sin rasande flotte veteranbil, men ein fin bukett pors.

Porsen kunne godt tørke litt før den vart nytta fortalte han. Den kunne henge både inne og ute i solveggen. Når ein skulle bruke av den, anbefalte Tor å klippe av dei nyaste skota og knuse dei litt i mortaren før ein har dei i marinaden.

Med masse fersk lammekjøt i hus, passa det perfekt å invitere på middagsbesøk, og då måtte porsen til pers! Vi sette Liv på 2,5 år på saka med å lage marinade.

Slik ser det altso ut når ein 2,5 åring lagar marinade samstundes som foreldra steller kjøt
Etter å ha klippt opp porsen i bitar, får dei ein omgong i mortaren
Porsmarinert lammebog klar til steiking


Kjøtet vart langsteikt i steikepose, med mykje god marinade inni, og litt salt og pepper.
Det porsmarinerte lammekjøtet vart servert med sos kokt på bein frå kjøtdelane vi hadde beina ut og med kraft frå steikeposen, grønsaker og fløytepoteter.

Det heile vart ein kjempesuksess, og pors skal heilt klart bli ein del av lammekrydderarsenalet for framtida. Kartlegginga av aktuelle lokalitetar er allereie i gong; for kva passar betre som krydder enn ei plante som har vokse i kystlynghei og myr, og som etablerte seg i Norge for alvor når kystlyngheiene vart utbreidd? Snakk om høgkultur! God appetitt, og hugs å sende ei lita takk til Tor når du får smake porsmarinert villsaukjøt. Ja, om du finn ut kor du skal leite, då.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!