mandag 3. juli 2017

Sommarsanking 2017

Laurdag var det klart for sanking på Uksnøya! Dyra skulle tellast, klippast og vegast. 

Sjølve sankinga gjekk over all forventning, og det ramla vel ut av meg ein kommentar om at dette nesten vart kjedeleg. "Heldigvis" er det ikkje alltid slik...

Her kjem nokre bilete frå ein kjekk dag i havgapet!

Ulla hadde vokse godt ut, og mange av dyra hadde felt ulla sjølv - Foto: Ingrid Klokk
Benjamin med eit nymerka søyelam  - Foto: Ingrid Klokk
Susanne og Daniel. Den nærmaste søya hadde fått av seg all ulla sjølv - Foto: Ingrid Klokk
På veg mot veging  - Foto: Ingrid Klokk
Eit fint lam  - Foto: Ingrid Klokk
Dyra vert helde att inne i gjerdet fram til alle er ferdige. Då finn mor og lam lett tilbake, og dyr som stikk vil søkje mot flokken -   Foto: Ingrid Klokk
Odd Jan viser fram kosevêren Apollo, som hadde vore på ungkarsferie på ein eigen holme - Foto: Ingrid Klokk
Stor stas med lam - Foto: Ingrid Klokk
Til slutt ber det ut i det fri igjen, til stor glede for både folk og dyr  - Foto: Ingrid Klokk

Det vart registrert 152 lam, og alle nær som ei søye kom heim etter vinteren. Vi ga heller ikkje i år medisin, då ingen dyr viste teikn til sjukdom. Vi tok derimot avføringsprøver for analyse. Korleis du gjer dette, og resultatet av dette skal eg lage ei eiga sak på. 

Vi hadde æra av å få med tre syriske flyktningar, og ein journalist frå lokalavisa Nordre. Ta ein kik i avisa som kjem 04.07. Takk til alle gode hjelparar. Det hadde ikkje gått utan dokke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!