onsdag 16. oktober 2019

Med hjarte for villsauen – historia om Egil

Dette kunne vore ei enkel reportasje om ei svært vellukka kåring på Kvalsund, på Søre Sunnmøre. Eller kunne det vore ei historie om korleis vi i Uksnøy Villsaulag for første gong hadde med dyr på kåringa, og korleis det gjekk med dei ulike kandidatane våre. Det vert det ikkje. Dette vert ei historie om eit yrande villsaumiljø med utspring i øyane på Ytre Søre Sunnmøre, og om mannen som lyt få mykje av æra for det gode stemninga som rår.

Egil Kvalsund (grå dress til høgre) ønskjer velkomen
Det startar å sige på med både folk og dyr  - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Lat oss starte med kåringa, sjølve episenteret for villsaurøyrsla på Sunnmøre. Sist laurdag var villsaufolk i alle aldrar frå fjern og nær på Sunnmøre, samla for å få vurdert og handle hanndyr, men kanskje aller viktigast - lære meir om dyra vi held på med, og treffe gode kollegaar. Over 100 dyr frå 20 ulike besetningar vitnar om både stor interesse, men også ein «lav dørstokk» for å stille dyr til kåring. Det siste er kanskje det aller mest gledelege med heile arrangementet. Dette har ikkje vorte eit arrangement for «eliten», men eit som famnar breitt. Dei seinare åra har også fleire og fleire nord på Sunnmøre oppdaga hendinga, og tar turen både for å vise og kjøpe dyr. Det går også rykter om at der finns folk, som eigentleg ikkje likar sauar, men som har skaffa seg sauar berre for å få ta del på kåringa. Her kan ein fortelje røvarhistorier medan ein nyt godsakene i kakebufféten, som i tillegg har ein svært fordelaktig pris.

Parkeringsplassen vitnar om at noko stort skal skje  - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Dommarane Kjetil og Olav studerer dyra våre  - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Kvifor vi treng kåringar, og kva potensielle fallgruver ein må passe seg for, ønskjer eg å kome tilbake til i eit seinare innlegg. Eg kan likevel røpe at ei slik samling av dyr og folk er utruleg bra, både for å sikre at mange av dyra som vert brukt i avl held ein viss standard, og for å knyte sosiale band som gjer at ein både kan be om ei handsrekning når ein treng det, eller få gode tips om både dyr og drifta på garden. Egil Kvalsund, leiar i Sunnmøre Villsaulag, må tilskrivast ein stor del av æra for dette flotte arrangementet, og at villsaumiljøet på Søre Sunnmøre er so sterkt samanknytt.
God steming rundt matbordet  - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Nydelege kaker for svoltne sauefolk - Foto: Kjartan P. Fjørtoft

Egil har vore sauemann heile livet, og driv med både NKS og gamalnorsk sau. Egil har ein lun natur, og meistrar kunsten å underdrive til fingerspissane. Slikt vert det gode historier og morosame samtalar av.  I tillegg til å vere sauebonde, er han også gartnar, og i drivhusa på Kvalsund dyrkar han og kona Kari Lise tomatar, sommarblomar og julestjerner, og driv ein godtebutikk av ein blomsterbutikk med eit rikt utval av interiør og planter.

På kåringa stiller han som ein av fire dommarar, og ikkje minst stiller han med eit stort drivhus som arena. Før vart kåringa arrangert utandørs, men dei seinare åra har dette gått føre seg under tak. I det ustabile vêret på Vestlandet er det ein stor fordel å kunne studere tørre og fine dyr, utan at vind og vatn øydelegg verken notatark eller den gode stemninga.

Det er kanskje eit paradoks at Egil sjølv ofte ikkje stiller med dyr. Årsaka er nok først og fremst at han er ein travelt oppteken mann, og på kåringa skal han både vere arrangør og dommar. Nokon utprega kremmar er han heller ikkje, so det er ikkje pengane av livdyrsal som driv han til å legge ned så mykje innsats for å få til dette arrangementet. Sjølv om Egil altso ikkje stikk av med sløyfene på kåringane, er det ingen tvil om at han har gjort mykje rett når det kjem til utvalet av fine dyr. Om ein tek ein kik på kåringsskjemaet til dei som gjer det best, ser ein ofte at faren slektar frå Kvalsund. Det gjer det sjølvsagt noko vanskelegare å rekruttere vêrar for Egil sjølv, men aktiv bruk av semin har fått inn nytt blod i flokken hans, og dette vert spreidd utover distriktet til andre som ikkje har moglegheit til å bruke semin.



Natalie med vêren vår som kom på delt 4. plass
Det er ingen hemmelegheit at Egil liker søyer med god rygg og lubne lår. Han skal no tross alt prøve å leve av dette. Samstundes er han lidenskapeleg oppteken av å ta vare på både mangfald og dei andre rasetypiske trekka, og framsnakkar dette med funksjonelle dyr so ofte han kan. Han er seint og tideleg ute å kikar på dyr og gjev gode råd til dei som spør, både når det gjeld avl, beiter eller snyltarbehandling. Han har som alle andre sitt å stri med når det gjeld å få flokken slik som ein ønskjer, men sjølv om han truleg aldri vil innrømme det sjølv (han likar nok heller å trekke fram positive trekk i andre sine buskapar), har han mange flotte dyr gåande rundt om på Nerlandsøya.

Det er rett nok ikkje berre kåringane som er positivt i villsaumiljøet på Søre Sunnmøre. Det har vakse fram eit kjekt fellesskap, og både på årsmøta og fagsamlingar er frammøtet godt. Neste ut er fagsamling på Nordre Sunnmøre, i midten av november, der vi håper å samla villsaubønder på Nordre, slik at miljøet også der vert meir samanknytt.

På vegne av villsaumiljøet på Sunnmøre, heng eg ei stor flott kvit sløyfe på den høgreiste storvêren der ute i havgapet. Vi er heldige som har ein slik kunnskapsrik og engasjert leiar som Egil, som legg ned mykje innsats for at alle rundt han skal lukkast med villsaudrifta si.  Takk også til alle som stiller opp som dommarar, styreverv eller medhjelparar når ting skal arrangerast.

1 kommentar:

  1. Eg må berre seie meg helt enig i de som var skrivet her,godt skrivet og formulert Daniel.Vi er heldige som har Egil Kvalsund som formann i laget, han har alle kvaliteter, hyggelig lun og altid et smil på lur, ein dyktig saudebonde....lykke til vidare!

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar!