Villsaukjøt

"Steikje gøtt" kjøt frå havgapet

I snart 30 år har vi produsert god mat på lokale ressursar i kystlyngheia på Uksnøya, lengst uti havgapet på grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. Denne gamle rasen er ikkje avla fram for å gje størst mogleg slakt, men for å utnytte ressursane i kystlyngheiene best mogleg. Dette gjev mindre slakt enn frå anna sau, men i gjengjeld har dei svært finfibra, møyrt kjøt med nydeleg smak. I tillegg er kjøt frå utmarksbeiting rikare på sunne feittsyrer. Villsaukjøt kan forresten brukast til så mykje meir enn berre god julemiddag. Det bør også nytast ferskt! Villsau er perfekt på grillen! Klikk her for inspirasjon til god mat basert på villsau eller for å sjå korleis du kan salte og tørke lammekjøt! Det er enklare enn du kanskje trur.

Vi kan levere slakt av villsau i Ålesund, Skodje, Brattvåg, Fjørtoft, Ørsta og Ulstein
Lammeslakta er normalt mellom 8 og 13 kg, med eit snitt på rundt 11 kg. Dei vert levert grovpartert, ferdig mørna og emballert, klart til salting, frysing eller til å nytast fersk. Størrelsane på slakta vil variere, og alle som ikkje ber om eit mindre slakt vil få det største vi kan tilby. Om du ikkje er so glad i feitt, anbefaler vi å be om eit litt mindre slakt då desse er ofte litt magrare.

Prisar for 2020 (inkl. mva.)
Lam 12-14 kg 125 kr pr. kg
Lam 10-12 kg 120 kr pr. kg
Lam 8-10 kg 105 kr pr. kg
Søye 90 kr pr. kg
Haud: 60 kr stk (heile)

Merk: Det er ikkje mogleg å bestille halve slakt.

SPESIALTILBOD: UPARTERTE SMÅLAM TIL HEILGRILLING
Har du lyst å gjere noko ekstra ut av grillfesten? Kva med å heilgrille villsaulam? Vi kan tilby uparterte smålam (under 10 kg) til kr 100 pr. kg.



Som eit bevis på at du som kunde får ekte vare, har vi fått godkjent drifta vår til å nytte merkevara "Villsau frå Norskekysten" som er ei beskytta geografisk nemning, som mellom anna stiller sterke krav til at dyra skal finne det meste av maten sin i kystlyngheia.

Alle som bestiller 2 eller fleire slakt, er med i trekninga av eit fint villsauskinn frå Uksnøya til ein verdi av 1200 kr.

Forventa leveringstid 23. oktober 2020. Bestillingsfrist 17. oktober eller so langt lageret rekk.

Bestilling eller spørsmål sender du til post@uksnoyvillsaulag.no eller på sms til 450 27 456.