Det var tungt å kome seg ut av senga denne morgonen. Skodde og sterk vind gjorde at ein trøtt kropp mest hadde lyst til å slumre klokka. Heldigvis tok eg til fornuft.
| Sankegjengen på veg mot nye eventyr |
| Det første som møtte oss i land var mykje fin molte. Då kan det vere ei utfordring å få folket vidare |
| Myrulla likar seg godt i vinden |
| Første kontakt med flokken |
| Flokken kryssar sanden - heldigvis på rett veg |
| Dyra inspiserar fotografen |
| Den yngre garde inspiserar flokken (foto: Åshild K. Fjørtoft) |
| Dei tre gode naboane utfører reperasjonar i kjent stil - heldigvis i lav høgde |
| Ei søye får litt kraftfôr etter å ha fått sommarsveis - ho var ei av søyelamma som vi hadde fått temt litt hausten før |
| Ei velfortent matpause med fiske- og kjøtsupe på menyen (Foto: Åshild K. Fjørtoft) |
| Montering av gps-sendar på ei eldre søye |
| Natalie og Amalie klipte sauer for første gong! Dette var deira femte |
| Ein av vêrane ventar på transport til sommarbeite |
| Alle mann i arbeid (foto: Åshild K. Fjørtoft) |
| Lam på veg til merking |
| Å fange vêrar kan vere dramatisk nok (foto: Åshild K. Fjørtoft) |
| Dagen nærmar seg slutten og vêrar og mannskap er på veg mot båtane (Foto: Åshild K. Fjørtoft) |
| Blå himmel - raud traktor (Foto: Åshild K. Fjørtoft) |
| Underteikna er noko skeptisk til korleis dette skal gå... (Foto: Åshild K. Fjørtoft) |
| Eit realt kakk i kneet. Dette vil vell merkast i morgon? (Foto: Åshild K. Fjørtoft) |
| Vêrane trygt ombord og fjordenstrekket til Fjørtofta kan kryssast |
Dagen gjekk utruleg bra, i alle fall om ein tek i betraktning kva vêrmeldingane var. Godt arbeidsvêr, mykje kjekke dugnadsfolk og flotte lam. Det var også kjempekjekt å sjå at søyelamma vi hadde temt litt hausten før var tydeleg interesserte i oss, og om ikkje alle fann roa og smaken på kraftfôr so var det tydeleg at dei kjente oss igjen. Slikt gjev motivasjon til å fortsette arbeidet med å få dei handtame.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Legg gjerne igjen ein kommentar!