Før sommaren fekk eg ein telefon frå Reidar Christiansen, ein av karane bak Villsauposten. Vi hadde snakka ein gong tidlegare angåande om dei kunne få trykke kronikken eg posta her på villsausida; Villsauen i eit globalt perspektiv. Denne gongen var det ikkje difor han ringte, men for å lufte moglegheita for om eg ville stille som kandidat i styret til Norsk Villsaulag. Det er vel det ein må kalle lyn frå klar himmel!
God til å seie nei har eg vel aldri vore, i alle fall ikkje når det er noko som er spennande og lærerikt. Sjølv om eg har halde på med villsau nærmast heile livet mitt, er det først dei seinare åra eg har starta å knytte kjennskap med andre i næringa og vere meir aktiv i villsaumiljøet, mellom anna via Villsausida. Startskotet var eit villsauseminar på Sandøya. Der møtte eg mellom anna Hilde Buer og Mons Kvamme, i tillegg til ei rekkje lokale villsauguruar. Sidan har interessa berre blomstra og kompetansen og nettverket vorte større. Det kjennes likevell som eit stort sprang å skulle delta i styrearbeid i Norsk Villsaulag. Eg greidde som du sikkert forstår ikkje å seie nei, sjølv om timeplanen har vore rimeleg sprengt, både med jobb og husbygging det siste året. Heldigvis går husbygginga mot slutten, og eg kan sjå fram til ettermiddagar med andre aktivitetar enn støyping.
Klar for nye tak! |
Eit anna rituale i slike høve er vel å gjere lesaren
merksam på at innhaldet her på Villsausida ikkje representerer Norsk Villsaulag
sitt syn. I alle fall ikkje enno ;)
Fortsatt god sommar!
Gratulere so masse me vervet :-) stolt ta dej :-) dette blir bra, Daniel :-)
SvarSlettFlott, Daniel. Gratulerer!! Dette vil heilt sikkert bli lærerikt og interessant for deg.
SvarSlettTakk for det! Ja, lærerikt vert det heilt sikkert!
SvarSlett