mandag 2. juli 2018

Sommarsanking 2018 - Fotokavalkade

Sommarsankinga 2018 er unnagjort, og spenninga var stor for korleis det heile skulle gå. Hadde tørka på øya hemma veksten til lamma i særleg grad? Korleis var dyra å sanke no som vi har fått temt dei rimeleg bra?

Dagen før sankinga var vi ute for å gjere klar sankegjerda. I tru om at vi hadde god tid denne dagen, starta vi på å flytte og oppgradere eit permanent sankegjerde, som dannar ei trakt som vi kan drive dyra mot. Tida gjekk dessverre raskt, og når dagen endeleg var over, var det ein sliten gjeng som gjekk til sengs ute på Uksnøya.

Natalie er i gong med slegga! Slikt varmar eit pappahjerte meir enn noko.
Utskifting av sankegjerdet

Endre er noko skeptisk til om vi kjem i mål før natta kjem!
Ikkje kvardagskost på Uksnøya! Ein tur for å hente forsterkningar på ferga, ga moglegheita til å ta med is.
Gjerda er klare til at dyra skal springe inn på tunet
Tunet er rigga til dyst

Dyra var rimeleg nært garden fredag, men hadde trekt ut i holmane, lengst unna dit vi skulle ha dei. Dei fleste ville tru at det er negativt, men villsau har sterkt fluktinstinkt, og gir normalt eit lite rykk når ein først startar å drive dei, og spring gjerne 500 meter før dei roar ned tempoet. Slik sett er det mykje lettare å sanke dei når dei går eit stykke unna.



Eit relativt utfordrande landskap å sanke sauar i


Då er det greitt å ha båt til å flytte folk frå holme til holme

Ann-Kristin og Natalie nyt fineveret og den flotte lyngheia

Når det er storfjøre, doblar arealet på "beitet" seg,  noko som fører til ein ekstra dynamikk i sankinga
Ivrige sankarar synes det er ein draum å gå i nybrente lyngheier
Vi er på rett veg!
Det gjeld å få med seg kvar ein krik og krok!
Det meste av lyngen står frodig og fin, sjølv etter tørka, Denne har god vekst og er relativt lite beitt.

Dynamikken i flokken og sankinga hadde heilt klart forandra seg, noko som nok skuldast at vi har brukt tid på å temme flokken. Denne gongen gjekk vi mest i rusletempo heile vegen, utan at det ga problem med å styre dyra. Normalt har vi måtte ha eit relativt høgt tempo for å kunne styre flokken. Sankinga gjekk som ein draum, og då var det berre å gå laus på arbeidet.

Når dyra er trygt inne på tunet kan ein koste på seg eit smil
Sekreteriatet og vekta er klar til storinnrykk
Elsa og Endre er fullt i gong med klippinga
Ståle og Endre har fått søya på klippebukken
Natalie ber eit søyelam til veging
I år var det kome eit lite sommarlam - til glede for borna, sjølv om eg ikkje var like begeistra - Foto: Hilde Ellingsen

Dyra er ferdigklipte og ventar på å bli sleppt laus
Lapskaus, fiskesuppe og kake - ikkje feil i solskinet - Foto: Kjartan P. Fjørtoft
Evelyn, Liv, Susanne, Daniel og Natalie nyt maten
Sortering av ull - denne skal brukast i eit forskingsprosjekt som har som mål å auke bruken av villsau-ull

Når det gjaldt størrelsen på lamma, såg det ut til å vere likt med fjoråret, som var eit litt dårleg år, men heldigvis såg det betre ut enn ein kanskje kunne frykte når ein veit at mange faktorar har slått dårleg ut i år.

Snittvekta på søyelam var 15,83 kg og vêrlamma hadde eit snitt på 17,88 kg. Totalt ligg vi ca 0,5 kg bak snittet for dei siste åra, men då med ein del meir søyelam i år enn vi hadde dei beste åra. Kva hanndyr som er dominant vil også spele ei rolle for storleiken på lamma.

Etter at sankinga var ferdig, vart vêrane frakta til Fjørtofta på sommarferie.




Vêrane får seg ein smakebit med kraftfôr før båtturen
Ein risbit frå Hauge i Valldal
Dei fire vêrane våre
Denne risbiten frå Godbiten Beitelag har utvikla seg veldig fint i vinter
Etter ein dag i innhegninga var det godt med friskt gras på sommarbeitet!
Natalie er klar for siste etappe heim
Liv vil også køyre traktor
Zorro - den svarte vêren vår.
Klar for ferie
Smil!

Alt i alt var dette truleg den mest vellukka sankinga vi har hatt. Ikkje verst i jubileumsåret der vi skal feire 25 år med drift!

God sommar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!