søndag 1. juli 2018

Ikkje siste reis - del 2

Den første delen av reisebrevet, slutta med ein is på ferja mot Austevoll. Då isen var oppeten, seig ferga til kai, og det var berre å trille i land.

Ikkje lest del 1? Klikk her for å lese den.

Det gjekk ikkje lenge etter eg hadde køyrt i land, før forventningane mine til Austevoll var snudd litt på hovudet. For det første var det endå større enn det eg hadde sett føre meg, men dette var jo eit skoglandskap! Det gjekk ikkje lenge før eg heiv bilen inn på vegskuldra, og slapp bilane som låg bak fordi. Sauar nede i ei skråning, midt i ein sving måtte kikast nærmare på. Vi fekk lurt bilen inn på ein grusveg, og tok turen ut for å ei lita synfaring.

Ein av tinga ein bit seg merke i når ein reiser rundt om i landet, er at det som er same rase, også kan variere mellom landsdelane. Nokon stader har det vore mykje fokus på horn, nokon har hatt fokus på spællengde, nokon stader er det preg av større likskap i fargar, og andre stader ser ein teikn til meir innkryssing/utvatning. Korleis var dyra i Austevoll? Sjølv om dei nok ikkje vil hevde det sjølv, er det jo hit dei fleste ville kika om ein var på jakt etter ein fasit om kva villsau faktisk er og skal sjå ut.

På Austevoll reiser villsauane kollektivt
Det første som slo meg var at dyra såg rimeleg lik ut med dei eg sjølv har, og det ein finn elles rundt om, men at dei var tydeleg mindre i størrelse. Tilbake i bilen gjekk diskusjonen om dyra, skogen og dei smale vegane. Og ikkje minst farta! Her gjekk det sauar alle stader, både på og ved sida av vegen, og bilane suste forbi utan at bilistane tilsynelatande brydde seg om det.

Utsikt mot vest
Ingen kunne i alle fall skulde bilen med villsauentusiastar frå Sunnmøre i å sette liv i fare, i alle fall ikkje på grunn av høg fart! Her var det mykje å sjå, og rundt kvar ein sving venta nye flokkar, og nye stopp. Flaks vi hadde god tid, og mykje plass på minnekortet på kamera, sjølv om det kanskje kom eit ørlite hint frå Bernt om at han kunne tenkt seg noko mat snart. Til slutt innsåg både eg og Alv Ottar at alle gode ting måtte ta slutt, og vi vart einige om å ikkje stoppe fleire stadar, slik at vi rakk både mat og eit lite styremøte før vi tok kveld.

Eit av mange stopp...
Etter å ha passert eit ikkje ubetydeleg tal villsau, svingar og bruer, kom vi lengst vest i Austevoll. Her gjekk skoglandskapet over i meir opne vidder, med mykje innslag av berg i dagen. Landskapet var som tidlegare veldig kupert, men utan skog fekk ein straks litt meir oversikt over korleis ting såg ut. Det var slik eg hadde venta at Austevoll skulle sjå ut. Berg, lyng og ei kjensle av å vere ytst mot havet. Geografien gjore at det var langt mellom dei dyrka areala. Truleg har dette vore avgjerande for at rasa overlevde.

Etter ein liten svipptur innom Stangeland Gjestegard på øya Stolmen, der vi skulle bu og årsmøtet haldast, tok vi turen tilbake til øya Selbjørn og inn til «byen». Austevoll vart kanskje ikkje utrygt, men vi var ganske bestemt på at no ville vi ha mat! Det hadde sjølvsagt vore flott å teke turen innom Bekkjarvik Gjestegiveri, der Bocuse d´Or -vinnar Ørjan Johannesen og laget tryllar fram fantastiske rettar, mellom anna av villsau frå Austevoll. Vi hadde ikkje bestilt bord, og trengte litt tid til å klargjere til årsmøtet, so det fekk gå med noko litt enklare. Nede på kaikanten fann vi heldigvis ein kafe som hadde mat til oss. I strålande solskin og herleg sydenvarme, naut vi «ekte» italiensk pizza av glimrande kvalitet. Kven skulle tru vi var i Austevoll? Eg skal nok innrømme at salet av kuleis på kafeen var medvirkane til at vi hamna akkurat her, men dessverre stengte dørene før eg rakk å sikre meg den perfekte avsluttinga på dagen. Opningstidene var nok ikkje tilpassa sol og tropevarme… Heldigvis fekk eg trøsta meg med å kike på fleire sauar på veg tilbake til gjestegarden. Greitt å ha nokre flotte sauar friskt i minnet når ein skal prøve å få sove.

Å nyte so god pizza utandørs er ikkje kvardagskost på Vestlandet 

Ei minnetavle i Bekkjarvik, som hyllar dei som berga villsauen frå utrydding
På gjestegarden hadde fleire av dei andre deltakarane kome, og etter ei runde med sakspapir, rakk vi å diskutere litt om laust og fast før vi fann vegen til romma våre. Det hadde vore ein lang dag, og i morgon venta både møtet, og so tur ut til sjølvaste Horgo!

Neste morgon var romkameraten min Alv Ottar nok ein gong grytidleg oppe. Heldigvis er han ornitolog, og vant til å snike seg inn på fuglar, so han laga ikkje meir bråk enn at eg fint sov litt til. Når eg først stod opp, kunne eg med stor glede konstatere at skodda ikkje hadde kome sigande. Etter litt papirarbeid, fekk vi servert nydeleg frukost som Mone og Bernt hadde hatt regien på.

Etter frukosten venta det som alle gode møter skal innehalde. Jakt etter prosjektør, kablar og straumuttak. Som IKT-konsulent, fell mykje av slikt ansvar på meg, men utan prosjektøren, var det lite eg kunne gjere. Heldigvis var ikkje hjelpa langt unna, og vi var klare for å starte møtet.

Føl med i neste del!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!