tirsdag 14. august 2012

Lammegryte ala Uksnøy - servert i fantastiske Molladalen!

I helga var vi på telttur saman med gode vennar til den fantastisk flotte Molladalen! Der nytte vi god mat og fantastisk natur.


Med fine vêrmeldingar for helga og sekkane fulle av god mat la vi fulle av forventningar av stad mot teltplassen oppe i Molladalen. Eg og Susanne har vore der før, men dette var første turen til Molladalen for Lise, Kari og Egil. Vi kunne ikkje vente med å komme tilbake, då dalen er rett og slett er so utruleg vakker!

Første skikkelege synet av tinderekkja
Sidan eg lir av ei svært kraftig form for høgdeskrekk, gjekk eg omvegen på oppsida av den berykta Molladalsporten. Ein bratt motbakke for å kome rundt med 15 kg i sekken merkast, men det var ingenting sett opp i mot frykta for den noko luftige råsa inn til dalen. Slik er det når ein villsaubonde frå dei flate holmane rotar seg til fjells. Vel oppe møtte eg ei søye og lammet hennar, som lurte på kva eg var for ein kar, men sidan eg ikkje ville ofre nista mi til dei vart det med praten.

Kanskje ikkje villsau, men fargane er det i alle fall ingen ting å seie på
Det skulle arrangerast klatreturar og toppturar med utgangspunkt i Molladalen denne helga, so vi ville gjerne komme opp før alle andre, slik at vi fekk teltplassen vi visste om frå sist. Den ligg litt bortanfor råsa, noko som kan vere greitt om ein skal lage god mat og ikkje ønskjer å dele med andre. På kveldens meny står nemleg Villsaugryte ala Uksnøy.

Kvelden før hadde eg skava opp indrefilet av lam og steikt kjøtet slik at det ikkje skulle gå alt for lenge å lage til dette oppe på fjellet. Eg krydra med godt urtekrydder (timian, basilikum, mm), salt og peppar. Ei purre og nokre gulerøter var skiva opp og teke med i lag med ein pakke sukkererter, 2 pk Creme Fresh, ein pakke skiva bacon og nokre skiver brunost.

Lise kveikte opp stormkjøkkenet sitt og oppkutta bacon vart brest i panna i lag med litt smør. Når dette vart spøtt, tilsette eg resten av ingrediensane (med unntak av sukkerertrane) i panna og varma opp i lag med ein god skvett fjellvatn. Gryta serverast med potetstappe, gjerne med ein del grove gulrotbitar og mykje smør, men denne gongen fekk ferdigstappe halde, då sekkane var tunge nok som dei var.

Om du er so heldig å koke den ute med ei slik utsikt smakar den ekstra godt
Når gryta er varm, server med oppkutta sukkererter på toppen og kaldt vatn til drikke.

Lammegryte ala Uksnøy - servert mellom Sunnmørets og kanskje verdas vakraste fjelltindar

Susanne ser i alle fall ut fornøgd ut
Kokken Tor får ete frå panneloket
Gode og mette kraup vi ned i soveposane. Resten av helga vart ein braksuksess i strålande vêr og med mykje god mat!

Eit gruppebilete etter frukosten laurdag; Lise, Egil, Kari, Daniel og Susanne - for ikkje å gløyme tindane i bakgrunnen
Tinderekkja i det sola nærmar seg horisonten igjen
Tusen takk til vennane våre; Lise, Kari og Egil som vi fekk dele denne fantastisk flotte helga i lag med.

mandag 9. juli 2012

Telespor GPS-merking av sau - erfaringar so langt

No har vi merka tre av dei eldste søyene i flokken med GPS for å kunne følje dei frå sofaen. Målet er å kunne danne oss eit endå meir eksakt bilete av korleis dyra trekkjer mellom forskjellege beiteområde og kor dei held til under forskjellege vindretningar mm. Her er mine erfaringar so langt.

Prisen på produktet er ikkje avskrekkande, i alle fall om det kun er snakk om nokre dyr og levetida på produktet er som forventa. Sidan vi driv heilårsdrift vil sjølvsagt batterilevetid spele ei avgjerande rolle i kor stor gevinsten av ei slik løysing er. Dette vil sjølvsagt aldri erstatte normalt tilsyn, men vere eit supplement til dette.

For å halde sendaren på på nakken til dyret (for å sikre godt mottak av GPS-signala) må ein motere vektlodd på klaven. Vi nytta KVIKK småfeklavar frå OS ID og tilhøyrade vekter. Sidan vi ikkje nyttar bjølle, måtte vi opp på dei største lodda. Vi kjøpte forskjellege fargar på klavane slik at vi enkelt kan kjenne igjen dyret på avstand, feks om vi må skilje det ut for å byte batteri eller sjekke utstyret.

Monteringa av lodda gjekk greit, men monteringa på sjølve dyra var ikkje fullt like enkelt. På ei av søyene var klaven for stor, sjølv på det trangaste stillet. På dei to andre var det betre, men ikkje perfekt. Vinterstid vil sjølvsagt ein tjukkare ullfell hjelpe på, men til sommarsbruk på villsau vart klavane for romme. Eit anna problem var at på to av dyra snudde sendaren seg ned rett etter at dyret vart sleppt, sjølv med vektlodda som skulle vere tunge nok. Dette var sjølvsagt skuffande, men då vi ikkje kunne gjere so mykje med det der å då og det ikkje såg ut til å skape problem for dyra kom vi til at dei fekk gå med det til vi såg korleis det fungerte. Vi får ta opp dette med leverandøren for å sjå kva som gjekk gale. Ei lita trøst er at området er svært flatt og GPS-signala kjem lettare til enn mange andre stader. Korleis dette vil påverke batterilevertida vert spennandes å sjå. Om ting fungerar fint, kan det vere eit alternativ å droppe vektlodd, men det får vi kome tilbake til.

Fiks ferdig montert
Normalt skal batteria takle ca 1000 rapporteringar pr byte. For dei som driv heilårsdrift vil det sjølvsagt vere ein fordel å ha tamme nok dyr til at ein enkelt kan skifte batteri i mellom sankingane.

Ein fordel med systemet er at ein kan endre rapporteringsfrekvensen direkte frå nettsida, både for heile flokken og pr individ. Det som ikkje er mogleg er å sjekke status utanom rapporteringstidpunktet. Dette skuldast truleg at GSM-sendaren er avslått i mellom rapporteringane for å spare straum. Eg har heller ikkje funne ut korleis ein kan angi tidspunkt for rapportering, slik at ein kan feks få dei til forskjelleg tidspunkt, eller samstundes. Det kan ein fuske til ved å endre rapporteringstidspunktet på eit av dyra, og so endre tilbake når det stemmer med resten, men det vil ta ein del batteri og tid.

Ved å logge inn på websida med eige brukarnamn og passord kan ein sjekke kor dyra oppheldt seg under sist rapportering.

Lokalisering av dyra - plassert på kart
Ein kan også sjekke historikken pr individ, slik at ein ser nærmare trekk mønster.

Kart påteikna dei 5 rapportane vi har fått frå eit enkelt individ
Dette ser lovande ut, sjølv om det er svært tidleg endå. Eg håper vi får ei avklaring rundt sjølve klaven og balanseringa av denne. Ein fordel hadde sjølvsagt vore om batteripakken var større og hang på undersida slik at ein slapp lodd og kunne rapportere oftare i gjennom vinteren, men dette hadde truleg vore vansklegare å få til utan at sendaren vart meir utsatt for slitasje, vatn, mm. Sidan dyra ikkje er redd for ta eit bad for å nå bort til lokkande tang og tare i etterkant av ein vinterstorm, vert det også spennandes å sjå om rust vert eit problem på skruar og lodd. Sjekk innom for meir info om Telespor GPS-merking seinare!

lørdag 7. juli 2012

Sauesanking - sommaren 2012


Det var tungt å kome seg ut av senga denne morgonen. Skodde og sterk vind gjorde at ein trøtt kropp mest hadde lyst til å slumre klokka. Heldigvis tok eg til fornuft.

Sankegjengen på veg mot nye eventyr
Det første som møtte oss i land var mykje fin molte. Då kan det vere ei utfordring å få folket vidare


Myrulla likar seg godt i vinden
Verken speidarar til fots eller til sjøs hadde oppdaga flokken, og spenninga var stor kor dyra var hen.

Første kontakt med flokken
Den noko utfordrande geografien med mange sund ig holmar og ikkje minst store sandbankar som ligg tørr på fjøre sjø, gjer at ein må ha god kontroll på vasstanden i samband med sanking. Dyra liker ikkje å verte våte på beina, noko som ofte kan føre til intressekonflikt. Denne helga passa ting perferkt, og det var ei svært stor fjøre som venta.

Flokken kryssar sanden - heldigvis på rett veg
Dyra kom fint inn på tunet og fordelinga mellom det nye og gamle hegnet fungerte optimalt.

Dyra inspiserar fotografen
Den yngre garde inspiserar flokken (foto: Åshild K. Fjørtoft)
Dei tre gode naboane utfører reperasjonar i kjent stil - heldigvis i lav høgde







Ei søye får litt kraftfôr etter å ha fått sommarsveis - ho var ei av søyelamma som vi hadde fått temt litt hausten før
Ei velfortent matpause med fiske- og kjøtsupe på menyen (Foto: Åshild K. Fjørtoft)

Montering av gps-sendar på ei eldre søye
 
Natalie og Amalie klipte sauer for første gong! Dette var deira femte
Ein av vêrane ventar på transport til sommarbeite
 
Alle mann i arbeid (foto: Åshild K. Fjørtoft)
Lam på veg til merking
Å fange vêrar kan vere dramatisk nok (foto: Åshild K. Fjørtoft)
Dagen nærmar seg slutten og vêrar og mannskap er på veg mot båtane (Foto: Åshild K. Fjørtoft)
Blå himmel - raud traktor (Foto: Åshild K. Fjørtoft)
Underteikna er noko skeptisk til korleis dette skal gå... (Foto: Åshild K. Fjørtoft)

Eit realt kakk i kneet. Dette vil vell merkast i morgon? (Foto: Åshild K. Fjørtoft)
Vêrane trygt ombord og fjordenstrekket til Fjørtofta kan kryssast

Dagen gjekk utruleg bra, i alle fall om ein tek i betraktning kva vêrmeldingane var. Godt arbeidsvêr, mykje kjekke dugnadsfolk og flotte lam. Det var også kjempekjekt å sjå at søyelamma vi hadde temt litt hausten før var tydeleg interesserte i oss, og om ikkje alle fann roa og smaken på kraftfôr so var det tydeleg at dei kjente oss igjen. Slikt gjev motivasjon til å fortsette arbeidet med å få dei handtame.

fredag 6. juli 2012

Dagen før dagen

I morgon 7.7 brakar det laus for sommarens store hending; sauesanking!

Fredagen gjekk med til å klargjere samlekve, gjerder, ledenot, øyremerkjer, medisin og alt anna som høyrer med.

Dessverre tok det slutt på det fantastiske sommarvêret vi har hatt den siste tida og i 12 tida var skodda allereie ganske tjukk.

Skodda gjer sitt inntog. Fjørtofta i det fjerne.
Vel ute starta vi med å fullføre det nye samlekveet, eit resultat av god utvikling i lammetal, og for å gje dyra betre rom under sankinga.

Montering av ei skillegrind nybygget
Vi fekk også plassert vekta og kalibrert denne. Plasseringa av vekta gjer at vi brukar denne som grind for dyra ut av klippeområdet og ut i samlegjerdet der dei går til alle er ferdig. Ved å la dei roe seg i lag vert dyra rolegare og ikkje minst rolegare nær folk.

Kalibrering og testing av vekta
Godt arbeid krev god mat!
No er det meste klart, og om ikkje  kuling og lurande sjukdom sett krokfot får vi tru dette vert ein flott dag!

onsdag 18. april 2012

Lyngbrenning våren 2012

Etter svært mykje dårleg vêr, kom moglegheita vi hadde venta på; god terre, vått i torva og litt vind. Det var klart for lyngbrenning!


Vel, sidan det var etter det var etter 15. april måtte vi få dispansasjon frå brannvesenet. Heldigvis ligg øygruppa svært isolert til mtp på brannrisiko (omflødde holmar) og vi fekk klarsignal.

Det gjekk ikkje lenge før den tørre lyngen gjekk opp i røyk
Mons Kvamme, ein guru innan lyngbrenning sa at det er like viktig for lyngheia å verte brent, som det er for sauen å verte klipt. Erfaringar på øyagruppa ser i alle fall ut til å stemme med dette. Flotte lyngheier med mykje næringsrike nyskot og urter er flott for både auge, sauane, mange fugleartar og for bevaringa av kulturlandskapet.
Dei mange sunda fungerar som naturlege branngater og gjer kontrolleringa av brannen lettare
Ingen røyk utan ild seiast det, men heller ingen ild utan røyk...
Berre oske og dei tjukkaste kvistane står igjen
Når lyngen er so gammal som her, står dei tjukkaste kvistane igjen etter brenninga. Desse vil på sikt vêr og vind ta seg av. I gammal lynghei som denne (truleg ikkje vore brent sidan før krigen) tek det lengre tid før den veks opp igjen. Om 15 år er det nok på tide å svi av på nytt, for å halde lyngen frisk og på topp næringsmessig.

lørdag 31. desember 2011

Kavalkade 2011

Her kjem nokre bilete frå året som gjekk...

Vårsnø i fjøra
Snøbye i aust
Sjølv i snøvêr er det alltid noko fristandes mat å nå

Påskefjøra er godt kjent, dessverre kom påskefloa brått på...
Kontrollering av brannfront
Bråtebrenning i motvind
Beiting på bøen
Nyklipte søyer og lamma deira venter på å verte slept laus
Siste mote?
Å hoppe i nyklipt saueull er gøy!
Myrull i lyngheia
Det er ikkje berre i Irland det er grønt og frodig
Dyra ventar på sortering og deira vidare skjebne
Eit vêrlam vart plukka ut av slaktebilen for å få sin eigen flokk med søyer på ei naboøy. Snakk om flaks!