lørdag 20. september 2014

Vêrsafari

Lauet på trea har starta å skifte farge, og dei som enno ikkje har fått ordna seg ny vêr har truleg starta å sveitte so smått. For min del har det vore ei utruleg hektisk tid, og det å reise rundt for å finne seg nye vêrar har ikkje vore lett å prioritere. Sist helg var det heldigvis tid for ein alder so liten vêrsafari.

Laurdag reiste eg, Susanne og Natalie ut på Skjelten, ikkje langt unna der eg bur, for å treffe villsau- og fuglemannen Egil Flem. Ikkje før bilen var parkert, skjønte eg at her var det nok meir enn villsauvêrar å kike på, for rundt oss vrimla det av fuglar, og inne på tunet gjekk det også nokre flotte miniesel! Før vi kunne sjå på vêrane, måtte vi sjølvsagt helse på esela. Natalie og Susanne tenkte nok på om vi ikkje heller kunne ta med eit par av desse i staden for!

Egil, eit miniesel-føll og Natalie finn tonen
Etter å ha helst på esela, gjekk turen ned for å treffe vêrane. Desse gjekk i eit eige gjerde, der vêrar frå fleire besetningar gjekk samla. Eg må innrømme at eg hadde gløymt kor store vêrane vart, etter å berre ha hatt 1 til 3 åringar dei siste åra. Heldigvis var dei tamme nok til at eg fekk både kika og knepe litt på dei to risbitane som skulle selgast igjennom gjerdet, for rett som det var dundra dei i hop so det klang i bølgeblekktaka rundt oss.

Her smell dei to risbitane i hop - eit blinkskot av Susanne.



Vêr vart det på oss, og som ein del av handelen vart Egil løvd ein tur ut til meg for å kike på drifta vår også.

Søndag var det klart for ny tur, då vi hadde avtalt å kjøpe ein vêr frå ei besetning på Aukra.
Vêren slekta frå sauane til Ingolf Mork, ein av pionerane innan villsau i Møre og Romsdal, og sidan det var lenge sidan vi hadde hatt dyr derifrå passa det godt å nytte det fine vêret til å hente vêr nr 2.
Vi tok båten til Terje frå Brattvågen og vêret var det lite å seie på.

Susanne nyt det flotte vêret på veg mot Romsdalen.

Herlege temperaturar og flatt hav - då kan ein lufte litt ekstra, sjølv i 30-knops fart.

Ikkje lenge etter susa vi inn til Smoge Småbåthamn for å treffe Knut Oterhals og kona hans der. Med seg hadde dei ein staseleg kar, ein risbit som dei helst ville sleppe å slakte. Han var svært so tam og kva passar vel då betre enn å få ta ein tur til Uksnøya for å hjelpe meg å temme resten av flokken?


Natalie stiftar kjennskap med den nye vêren, som fekk namnet Kjell.
Etter at vi hadde fått kika på vêren og snakka med dei trivlege "kollegaane" var det klart for signering av transportdokumenta frå Mattilsynet og lasting av båten.

På veg ombord i båten og berga frå slaktaren for denne gong.
På veg mot Fjørtofta, var vêren so roleg, at Natalie og Amalie fekk fôre han med rogn som dei hadde teke med frå Aukra.
Fôring i 28 knops fart - ikkje kvardagskost for villsauar


Heime på Fjørtofta venta dei 5 andre vêrane, som seinare skal til nye eigarar. Eg var litt spent på korleis det første møtet ville gå, men sidan dei var sopass mykje større og brunsten enno ikkje var i gong, trudde eg at det skulle gå rimeleg greitt. Malo, Kvitfjes og dei andre vêrane tok det roleg i varmen, men når ein inntregjar vart oppdaga i gjerdet deira vart dei meir interesserte.

Vêrane står oppe på haugen og speidar utover.



Når ein ny vêr kjem inn i flokken, må den gjerne slost med alle dei andre, slik at rang skal etablerast. Stakkars Kjell fekk ein hard velkomst i flokken, og vi heldt oss i nærleiken for å følje med at ting ikkje kom ut av kontroll. Etter at dei verste basketaka hadde gitt seg var han usikker på dei andre vêrane og søkte mot oss, men etter litt megling i form av roleg driving rundt i gjerdet, fann dei til slutt tonen.

Kjell trekkjer unna dei andre dyra etter ei noko lunken mottaking
Kjell ser i alle fall ut til å vere ein skikkeleg kosevêr, noko som kjem godt med når vi skal prøve å lokke til oss han og dei andre dyra ute i Uksnøya til vinteren. Det vert spennandes å sjå korleis det går når vêren til Egil Flem seinare kjem ut på Fjørtofta og korleis dei nye vêrane då finn tonen. Då er i alle fall to vêrar på plass, so får vi sjå kor vi reiser i neste episode ;)

Ha ein fin haust, og del gjerne Villsausida med andre du trur kan vere interessert i å om villsau!

mandag 25. august 2014

Kveldsmat med vêrane

Hausten lurer rett rundt hjørnet, og då er det på tide å finne ny heim til vêrane våre. Dessverre hadde eg rota bort kameraet eg brukte då eg tok portrettfoto av dei i sommar, so no var det duka for kveldsmat og ein ny photo shoot i lag med vêrane.

Her kjem ein del bilete av ungkarane som søkjer ny flokk :)


Natalie og far min har lokka til seg flokken - då kan photo shooten starte!

Malo kikar forventningsfullt opp på fotografen - skal tru om du har noko godt å knaske på?

Dei litt meir skeptiske held litt avstand, i alle fall til dei ser at ting går bra med dei som er meir dristige av seg
Malo og Flekkfjes

Kvitfjes har eit "fint" arr i fjeset etter mykje slossing - kanskje på tide med eit nytt namn?


Malo har litt kraftigare spel enn resten av flokken, men det var det flotte lynnet hans og dei fine fargane som gjorde at eg såg andre vegen på det punktet då eg kjøpte han.













Det vert nok ganske vemodig å sende desse kjekke vêrane til nye eigarar etter at vi har fått so god kontakt med dei. Det vert ekstra trist med Malo, spesielt for Natalie som har vorte so god venn med han. Vi må nok skrive inn ein klausul i kjøpskontrakta om at vi må få komme på besøk!

søndag 10. august 2014

Statistikk og anna tull med tal

Nokre av lesarane her på Villsausida har spurt etter statisikk på mellom anna lammetal og vekt. No har eg endeleg fått tid (eller rettare sagt, teke meg tid), til å samle litt av statistikken og diskutere kva desse tala kan bety.

 

Men først må eg nesten dra fram den gamle frasen om at det fins tre typer lygn; svarte lygner, kvite lygner og statistikk. No skal eg ikkje prøve å lyge til deg, men statistikk kan som sagt misbrukast, og må alltid sjåast opp i mot vilkåra for dataen dei presenterar. Desse vilkåra kan ofte vere vanskelege å fange opp då grunnlaget ofte er tynt når det kjem til villsau, der naturen spelar ei avgjerande rolle.

 

Lammetalet

Lammetalet er som oftast rett å måle. I år hadde vi 145 lam (+ flaskelam) som levde fram til sommarsankinga. Dette ga oss eit lammesnitt på 1,4. Sjølv om dette er lavare enn enkelte andre besetningar, er dette høgare enn vi har hatt på mange år.

Her er nokon av vilkåra som eg ser som viktige for lammetalet:

1. Tap.
Tap kan skuldast ei rekkje ting; dødfødsel, sjukdom/misdanningar, kulde, rovdyr/fugl, avvising av mora og ulykker mm. Ein vil som villsaubonde alltid oppleve tap, i alle fall om besetninga er av ein viss storleik. Dei viktigaste tinga ein kan gjere for å hindre tap er å sikre at lamminga skjer til rett tidspunkt, slik at presset frå rovfugl er minst mogleg og faren for forfrysing er redusert. Etter at vi flytta lammetida ved å ta bort vêrane på sommaren, har tapa til rovfugl gått ned, då desse finn lettare anna mat når vinteren har gitt seg. Ei anna kritisk forutsetning er tilgang på store nok beiter til at søya kan finne ein eigna plass å lamme i fred og ro. Viktigheita av fred og ro kan ikkje understrekast nok. Sidan lamminga som oftast føregår i kupert terreng, er det veldig lett å komme overraskande på ei søye med nyfødt lam. Det kan verte ekstremt kritisk for lammet. Lammet har som regel ikkje knytt seg godt nok til mora, og då vil dei gjerne søkje mot folk. Fred og ro kan ofte vere viktigare for å hindre tap, enn at ein finkjemmer beita etter lam og søyer som treng hjelp.

Grågåsegg er ei viktig næringskjelde for mellom anna ramn. Lamming i eggsesongen kan redusere tap betydeleg


2. Avl
I besetningar der ein ikkje har kontroll på kven som er mora, er det umogleg å gjere utval på søyer som oftare får tvillingar. Kor lurt det er er ei anna sak, men noko som lett kan skje, er at ein slepp fleire store enn små/mellomstore lam på hausten. Det er større sannsynlegheit for at dei største lamma kjem frå mødre som berre hadde eit lam å fø på, og ein vil difor på sikt kunne avle ned lammetalet om ein ikkje passar på å sleppe lam av alle størrelsar. Eit kriterie er sjølvsagt at det elles er fine dyr og dei har eit godt utgangspunkt for å greie vinteren.

3. Hald og alder
Yngre dyr vil oftare få enkle lam enn eldre dyr. Når ein har mange unge søyer, vil desse redusere lammetalet på kort sikt. Vi har dei seinare åra gjort store utskiftningar i flokken, men ser no ein oppgong i lammetalet sidan mange av desse er på veg inn i ein meir produktiv alder. Å sjekke jura for å ta ut søyer som ikkje har fått eller greidd å fø fram lammet er også lurt. Gje i alle fall dei yngste søyene ein ekstra sjanse, men med eldre dyr bør du ikkje ha alt for stor tolmod når dei kjem tørre til sanking. Hald er ein annan viktig faktor. Om søyene er i godt hald om hausten, får dei lettare tvillingar. Søyer i dårleg hald har også større sannynlegheit for å kaste i svangerskapet. Ver difor sikker på at alle søyene du slepp om hausen har godt hald!


Vekt

Vekt er eit anna viktig tal, og det er meir komplekst enn lammetalet.
Vi hadde i år ei snittvekt på 17,37 kg, henhaldsvis 16,44 kg i snitt på søyelam, og 18,37 kg på vêrlam. Dette er betydeleg betre enn i fjor, der vi hadde eit snitt på 13,01 kg, som var betydeleg lavare enn føregåande år. Før eg såg årets tal, var eg ikkje heilt sikker på kva dette avviket skuldast. Dei to hovudmistenkte årsakene var mindre vêrar (noko som var bevisst), og den kalde våren 2013 som førte til mindre næringsrikt beite for søyene som skulle produsere mjølk. Eg var ganske sikker på at den kalde våren 2013 måtte ta ein god del av skulda. Heldigvis tok dei igjen det meste av vektdifferansen sommaren 2013, men slaktevektene i oktober vart likevel litt lavare enn normalen.

Etter å ha sett snittvekta i år, kan eg med rimeleg sikkerheit sei at den kalde våren med dårleg grasvekst spelte ei viktig rolle. I 2014 var vektene nærare det vi hadde åra før, men so har også beita vore svært gode etter ein mild vinter og tidleg vår. Ein kan difor tenke seg at vekta er høgare enn det dei same vêrane vi brukte for lamma i 2013 og 2014 ville fått på 2011 og 2012 beite. Sidan vêrane no skal bytast ut, vert statistikkgrunnlaget for tynt til å konkludere om kor viktig størrelsen på vêrane var, og kor mykje forskjellen i næringstilgongen utgjorde. Og det er akkurat det som er problemet med statistikk. So lenge ein ikkje har moglegheita til å gjere opp igjen ting med andre parameter, vert det rom for betydeleg tolking. Likevel kan statistikk vere til hjelp, om ein har fornuft til å sjå kva tala seier, kva dei kanskje seier, og kva dei ikkje seier oss.

Veging av alle dyr både sommar og haust gjev deg masse tal som du kan forske på


Andre viktige vilkår når ein snakkar vekt er avl, fôring og lamme- og måletidspunkt.
Det tek ikkje mange generasjonane med avl før ein kan heve snittvekta betydeleg, om ein ønskjer å gå bort frå det som skal kjenneteikne ein "ekte" villsau. Det er heller ikkje problem å auke vekta ved hjelp av intsentiv kraftfôrbruk. Og til slutt er det sjølvsagt vesentleg når på året lamminga hende og når du målte vekta på lammet. Ein månad eldre lam, vil gjere statistikken ganske meiningslaus for samanlinkinga sin del. Til dømes hadde vi 25 kg i snittvekt på lamma sommaren 2010. Då hadde vi rekordtideleg lamming, noko som førte til svært store lam, men også til høgare tap.Ver difor svært varsom med å direkte samanlikne vekt mellom besetningar i forskjellege delar av lander, andre driftsformar, osv. Hugs også at høg vekt i seg sjølv ikkje er eit mål om du vil ha robuste og sunne dyr som kan nytte seg av utmark og stort sett greie seg sjølv, slik ein ekte villsau skal!

Har du spørsmål eller kommentarar knytt til temaet? Fyr laus i kommentarfeltet!

fredag 8. august 2014

Ein spennande telefon

Før sommaren fekk eg ein telefon frå Reidar Christiansen, ein av karane bak Villsauposten. Vi hadde snakka ein gong tidlegare angåande om dei kunne få trykke kronikken eg posta her på villsausida; Villsauen i eit globalt perspektiv. Denne gongen var det ikkje difor han ringte, men for å lufte moglegheita for om eg ville stille som kandidat i styret til Norsk Villsaulag. Det er vel det ein må kalle lyn frå klar himmel!


God til å seie nei har eg vel aldri vore, i alle fall ikkje når det er noko som er spennande og lærerikt. Sjølv om eg har halde på med villsau nærmast heile livet mitt, er det først dei seinare åra eg har starta å knytte kjennskap med andre i næringa og vere meir aktiv i villsaumiljøet, mellom anna via Villsausida. Startskotet var eit villsauseminar på Sandøya. Der møtte eg mellom anna Hilde Buer og Mons Kvamme, i tillegg til ei rekkje lokale villsauguruar. Sidan har interessa berre blomstra og kompetansen og nettverket vorte større. Det kjennes likevell som eit stort sprang å skulle delta i styrearbeid i Norsk Villsaulag. Eg greidde som du sikkert forstår ikkje å seie nei, sjølv om timeplanen har vore rimeleg sprengt, både med jobb og husbygging det siste året. Heldigvis går husbygginga mot slutten, og eg kan sjå fram til ettermiddagar med andre aktivitetar enn støyping.

Klar for nye tak!
Det vert i alle fall spennande å verte kjent med resten av styret, og vere med på å prøve å forme framtida til villsaunæringa i Norge. Eg fekk dessverre ikkje høve til å møte på årsmøtet då vi hadde sauesanking denne dagen, noko som ikkje er so lett å flytte når flo og fjøre har siste ord i saka. I alle fall, no er eg altso nyvalt sekretær i Norsk Villsaulag, og då er vel ei oppmoding om å melde deg inn som medlem på sin plass! Sjekk www.villsau.no for meir info om kvifor du bør gjere akkurat det.

Eit anna rituale  i slike høve er vel å gjere lesaren merksam på at innhaldet her på Villsausida ikkje representerer Norsk Villsaulag sitt syn. I alle fall ikkje enno ;)

Fortsatt god sommar!

fredag 27. juni 2014

Dagen før dagen

Sommaren er her, og då er det tid for å leite fram sauesaksa! I morgon er det duka for sommarsanking på Uksnøya!

I dag og i kveld har vi fått gjort klart sankegjerda og utstyret for morgondagen, og att på til har vi fått lufta den nye beitepussaren vår. Her kjem nokre bilete frå dagen.

Nyslått gras på tunet - klart til klipping av villsauane!
Terjebror får has på tistel og siv med den nye beitepussaren.

Sjølvsleppt saueull, eit godt teikn for morgondagen

To nye klippebukkar frå Bole er på plass. Vi for tru alle ryggane er glade for investeringa.

Ledenota som skal hindre at dyra som kjem i full fart nedover tunet må vere høg om den ska gjere nytta.

Traktor og beitepussar i sommarsola




Då er det berre å seie tvi tvi og håpe på godt vêr og at ulla har sitt laust. Fortsatt god sommar!

tirsdag 8. april 2014

Årets villsauskinn!

Endeleg kom årets villsauskinn! Det er alltid like spanande å sjå korleis dei ser ut, for det er ikkje så lett å sjå for seg på sprell levande dyr på sauesanking.

 

Valet av avlsvêrar spelar ei stor rolle på korleis skinna vert sjåande ut, men også kven som er sterkast av dei og soleis får legge hevd på flest søyer. Denne gongen var det ingen svarte eller brune vêrar, noko som også ga utslag i fargane vi fekk på skinna.

Her kjem eit utval:





søndag 30. mars 2014

Villsaudrift i eit globalt perspektiv

Har du nokon gong tenkt over kor maten din kjem i frå? Sidan dei fleste nordmenn framleis føretrekk norskprodusert mat, er svaret truleg ja. Men kor maten din faktisk kjem i frå, er mykje meir komplisert enn ein skulle tru.



Sjølv om ein stor del av maten vi et er merka produsert i Norge, vil det ikkje seie at maten faktisk er norsk. I ei tid der bøndene må effektivisere meir og meir for å prøve og halde følje med velstandsutviklinga og kostnadsnivået elles i samfunnet, har ein gått frå småskala og sjølvberging til større og større gardar som i stor grad er avhengige av tre ting: kunstgjødsel, diesel og kraftfôr. Desse tre faktorane gjer at ein gardbrukar i dag produserer svært mykje meir per årsverk enn det forfedrene våre gjorde. For å få hente ut gevinst, har ein også gått frå små nette dyr som fann mykje av maten sin i utmarka sjølve, til større og meir kjøtrike dyr som treng anten fullfôring eller tilskot av fôr i stor grad. Og medan det for mange nordmenn tidlegare var normalt med eit kjøtmåltid i veka, er dette i dag for mange endra til både 6 og 7 måltid. Mykje av denne veksten i kjøtforbruket kjem frå gris og kylling, som berre med nokre få unntak vert produsert innandørs og er fullfôra med kraftfôr. I dag kjem 40 % av råvarane til norsk kraftfôr frå utlandet, og om ein ser på den svært viktige proteindelen i fôret er heile 94 % importert.  I hovudsak kjem dette frå Brasil, eit land der avskoging av uerstatteleg regnskog skjer i eit voldsomt tempo for å forsyne vår umettelege appetitt på kjøt. Den siste tida har diskusjonen rundt bruken av palmeolje i norsk kraftfôr også blitt diskutert i media, både grunna helsemessige årsaker og belastninga palmeoljeproduksjon har på uerstatteleg natur.

Sjølvforsyning, berekraft og attgroing

Når ein ser på fjernsynet eller i avisene om korleis menneskje rundt om i verda kavar og slit for å dyrke mat i ørkenstrøk eller i næringsfattig jord, kan ein undre kvifor vår eiga matjord veks til eller vert bygd ned av hus og kjøpesenter. Svaret er såre enkelt; kostnadsnivået i Norge gjer det ikkje lønsamt å drive jorda for dei som bur her. Landbrukstilskota i Norge fungerer på sett og vis som ei kunstig andedrått for å hindre at ein total kollaps i norsk landbruk gjer oss heilt avhengige av import. Dei bidreg også med å sikre norske arbeidsplassar. Ikkje berre til gardbrukarane, men også til næringsmiddelindustrien, lokalbutikkar, verkstader, lastebilsjåførar osv. Mykje av Staten sine utgifter kjem på den måten inn igjen i kassa via skatt og avgifter. Tilskota er i stor grad politisk styrte for å pendle produksjonen av maten vår inn på sporet politikarane ønskjer. So langt har dette sporet vore meir og meir industrialisering av landbruket. Fôr- og mjølkerobotar, større traktorar og næringsrikt kraftfôr har vore nokre av faktorane som har sikra auka i effektiviteten

Dyrevelferd i ein industriell kvardag

Debatten rundt korleis dyra har det i denne nye røynda, blussar opp frå tid til anna. Innanfor spesielt kyllingproduksjonen har dyrevelferda i beste fall vorte sett på som tvilsom, med dyr avla fram til å vekse raskare enn skjelettet greier å bere dei, på små areal og heilt utan kontakt med naturen forfedrane deira ein gong var skapt for å leve i. Heller ikkje norske grisar får mykje «friskluft» eller tilgang til å finne maten sin ute i naturen. Situasjonen er betydeleg betre for storfe som får gå ute på beite på sommarferie, og snart skal dei også få moglegheit til å gå ut resten av året også. Storfe bidreg også i stor grad til å halde landskapet ope ved at ein stor del av kosten er norskprodusert grôvfor. Likevel er dei storferasane som er i produksjon i dag so store og tunge at dei ikkje kan nyttegjere utmarka slik dei tradisjonelle storferasane gjorde tidlegare. Dette er ein av hovudgrunnane til attgroinga i Norge. Norske sauar er endå "flinkare" enn storfe til å nytte norsk natur som matkilde, og sauen er dyret ein oftast treff i norsk utmark. Utviklinga med større og meir kjøtrike dyr har rett nok skjedd i mange sauehald også, med meir kraftfôrbruk og ikkje minst den naudsynte fullfôringa med grovfôr vinterstid for dyra som står inne. 

Politiske mål og sjølvforsyning

Når grada av sjølvforsyning er eit viktig politisk mål, må ein også ta med kvar maten dyra et kjem i frå. Då vert det endå viktigare å sjå på kva ressursar ein har til rådigheit, og korleis ein kan nytte desse. Og det er her villsauen kjem på bana. Den gamalnorske sauen er akkurat det motsette av det resten av norsk landbruk går for; den er liten, nøysom og uindustriell. Den har eigenskapen til å finne all maten sin sjølv, året rundt, gitt at beita er i god hevd og store nok, og at ein unngår dei aller største snøfalla. Utegangarsauen er rett nok mindre kjøtrik samanlikna med dei store sauerasane, men sett opp i mot kva som går «inn i sauen» er den svært effektiv og kan nyttegjere seg av «restane» den industrielle delen av norsk landbruk ikkje kan; utmarksbeiter, lyngheier, tang og tare. Og om ein kan redusere behovet for fôr frå innmark, frigjev ein også verdifull matjord til mellom anna grønsaksproduksjon, noko vi kjem til å trenge meir av i tida som kjem. Ei auke i villsau i utedrift vil ikkje berre redusere attgroing, men også produsere mat utan særleg bruk av kunstgjødsel, diesel og «regnskog-kraftfôr».

Eit anna viktig punkt er at dyra går ute i naturen og får utløp for naturlege instinkt og behov. Dei vel sjølv maten sin eller kor dei skal opphalde seg innan for områda dei har til rådigheit. Dei kan legge seg ned når dei ønskjer det, og veks i deira eige tempo. Om mat har ein moralsk prislapp på seg, trur eg villsaukjøt er noko av det rimelegaste kjøtet du kan ete.

 Økonomiske rammevilkår

Det er få som i dag driv villsau for pengane sin del. Dei fleste er entusiastar og har dyra som attåtnæring eller for å hindre attgroing. Dessverre har mange av desse dei seinare åra mista eit av insentiva for villsaudrifta si. Grunntilskotet for villsau for lammeslakt under 13 kg vart teke bort som eit ledd i få fram større slaktevekter, noko som gjer at ein anten må avle fram større dyr, eller halde lamma til dei er 1,5 år gamle. For begge alternativa er svaret ofte kraftfôr eller grovfôr frå innmark for å få slaktevekta høg nok til å få dette tilskotet, stikk i strid med det som bør vere målet i det større perspektivet. Eit anna problem er at fleire slakteri ikkje ønskjer å kjøpe slakt av villsau so lenge ikkje vektene ligg nærare det som er vanleg for anna norsk sau. Det er også signal om nye større omleggingar i tilskotsordningane der ein fjernar basistilskota og legg opp til at alle tilskota skal kome i form av slaktetilskot på dei største lamma. I sum skaper desse faktorane eit voldsomt press om stadig større slaktevekter, men dess større dyra vert avla fram, dess dårlegare vert dei til å greie seg av utmarka åleine. Dette er hovudårsaka til at dei fleste andre sauerasane står inne vinterstid. Dette presset har også ført til andre «kreative» løysingar, mellom anna at ein kryssar inn større saueraser for å få opp slaktevekta. Jaget mot større slaktevekt utgjer difor over tid både ein stor trussel mot villsaurasa og eigenskapen dei har til å nyttiggjere seg av utmarksareala vinterstid. På sikt kan det altso gjere at villsauen også vert avhengig av mellom anna tidlegare regnskogareal for å produsere «norsk mat».

Kystlyngheia - ein trua naturtype

Store delar av areala som er egna til villsaudrift på Norskekysten er i dag ute av drift og veks difor meir og meir att. Noreg forvaltar ein tredjedel av det totale arealet med menneskapt lynghei i Europa. Norge har difor eit særskilt ansvar, og det er villsauen som er den viktigaste reiskapen for å sikre desse lyngheiene.  Om ein hadde fått til ei attraktiv villsaunæring, der økonomien var god nok til at det vart eit press for å nyttiggjere seg av desse areala, kunne ein skapt arbeidsplassar i utkantane, hindra attgroing og produsert ein betydeleg del av norsk mat på norske ressursar. Kva virkemiddel og satsar som må til for å få til dette er ei meir kompleks sak som eg ikkje skal gå for langt inn på no, men ein god start hadde vore å gi gammalnorsk sau eit eige klassesystem og vektgrenser for å hindre at ein misser viktige tilskot som følgje av eit system som er tilpassa større sauerasar. Ei bevisstgjering av forbrukarane rundt konsekvensane av deira matval er også naudsynt, slik at dei ser at større ikkje alltid er betre.
Kystlyngheia - ein trua naturtype

 

Håp for ei betre framtid

I ei framtid prega av endå større knappheit om maten er mitt håp at ein ser på den totale prislappen; både moralsk, miljømessig og økonomisk, og vurderer korleis ein kan nyttiggjere seg av norsk natur og landbruksareal for å best mogleg produsere nok god mat med bakgrunn i god dyrevelferd. Mykje av løysinga er ein reduksjon i forbruket vårt av kjøt, men ein treng også ein meir berekraftig produksjon der ein ikkje legg uerstatteleg regnskog øyde for å produsere norsk mat medan vår eiga matjord og utmark gror att.