mandag 27. august 2012

Dugnadshelg med betongarbeid og tistelfjerning

I helga hadde vi dugnad for å sette vøra betre i stand og fått fjerna resten av vegtistelen på markane. Arbeidet gjekk over all forventning, sjølv om mørke skyar truga.


Før noko anna kunne skje, måtte traktorskufla som hadde vore til ombygging og overhaling på Fjørtofta fraktast ut. Vi trengte denne til køyring av både stein og grus, men på ei øy utan skikkeleg kai er ikkje det berre berre. Vêrgudane var heldigvis i godt humør og fredag ettermiddag låg svartestilla. Då var det berre å smi mens jernet var varmt, og skufla vart lasta ombord på lasteskuta til bror.

Marginalt med sikt frå skipperstolen, so skipperen måtte løfte på rompa for å sjå leia.
Frakta gjekk over all forventning, og etter litt vasping var båten plassert oppe ved vøra.
Klart til lossing av den lokale lasteskuta
Som ein ser på bilete er vøra holete og ujamn på toppen, då småmasse ikkje får ligge i fred for vinterstormane. Sjøv store steinar kan flytte på seg under dei verste stormane, og under transport av dyr og utstyr er det veldig travelt når underlaget krev stor konsentrasjon og forsiktigheit. Planen var å rette opp i det som hadde sklidd ut og jamne litt av overflata med stein og betong.

Arbeidet går lettare når ein nytte ein skikkeleg arbeidshest; Massey Ferguson 135, ei levande legende i traktorverda.
I skyminga tok eg turen ut på eit nes på øya for å sjekke korleis vegtistelen sto seg. Vegtistelen vert ikkje beitt av dyra, og får soleis spreide seg fritt om ikkje noko vert gjort. Vi har dei siste åra jobba med å begrense den ved å slå, køyre bort og brenne tistelen før den får frøa seg.

Denne hadde kome til frøspreidingsfasa og måtte fjernast snarast råd
Denne hadde føra seg ei stund etter at den var slått, men om frøa var spiringsdyktige er ukjent
Eg fann nokre tislar i fjøra og konstaterte at eit par av tistlane som hadde vorte slått tidlegare utan å vorte fjerna hadde føra seg "post mortem". Om desse er spiringsdyktige veit eg ikkje, men dei vart fjerna i lag med resten og brent.

Vêrmeldingane for resten av helga var dessverre ikkje like gode, og vêrforandringa i vest var tydleg. Heldigvis gjev slikt fine kveldar og ikkje minst gode motiv.
Seinsommarkveld
Dagen etter var vêret flott, men i det vi var på veg til Fjørtofta for å hente støypesand kvita fjorden godt og regnet starta å piske mot båten. Her var det berre å leite fram regnkleda.

Vel ute igjen, med eit stort lass støypesand og sement var det berre å få i gang betongelta. Sidan vêret var sopass dårleg fann vi ly i naustet.
Endre er formann i Lecamurarlosjen og har unik erfaring med betongelting, noko dei yngre gjerne vil lære av.
Eit gløtt av blå himmel kunne skimtast i vest. Kunne vêret snu tilbake like raskt?

Plukking av fyllmasse og støyping på fjøre sjø
Sidan ikkje det er enkelt å få ut sand og grus, må ein spe på med mest mogleg stein og singel frå fjøra. Båra legg kvar vinter opp store mengder småstein og i ei vik kjem det stadig opp singel som ein kan nytte. Dette sparar sjølvsagt mykje arbeid. Dette vart henta med traktoren og spyla i takvatn før bruk. Damene tok pause frå tistelslåtten for å hjelpe til med innsamling av fyllmasse når fjøra var på det største. Sidan floa ikkje var langt bak oss måtte arbeidet gå raskt.

Resultatet tek form. For å hindre sjøen i å vaske ut betongen la vi plast over før det flødde opp.
Målet var å behalde karakteren til vøra, men rette litt ut overflata og feste fyllmassa. Resultatet såg veldig bra ut!
Sjølv om floa kom nærare, gjekk arbeidet raskt og målsetjinga for dagen vart passert med god margin. Når floa hadde sett ein endeleg stoppar for arbeidet sto opprydding av betongutstyret igjen. Etter det var gjort vart tistelen rydda saman og køyrt på bålet.

Å køyre traktor lokkar fram smilet til liten og stor
Planen var å ta eit bilete av vøra søndag, når alt var rydda på plass og det var fjøre sjø, men då regna det so mykje at kameraet måtte haldast godt gjøymd. Eg får kome til bake med oppdatering seinare. Føl med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!