Tida var koma for å sleppe til vêrane slik dei fekk gjere sitt. Hadde dei visst kva som venta hadde det nok vore enklare å sanke dei...
Dagen starta med å få opp ledenot. Mykje tungt arbeid, men då er det kjekt å ha ein assistent som ein kan delegere arbeidet til.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhcoYtZPdlVF2ERzB-k2bWZVBBt945ia76xpUvWaLNWWVDn_tfwZHVK8vuLUdOpHp40T-0B70y00y9XIB-smVIFNLZKVUMJQuio5SkR03iUXrM8lk2sap5ZNSP8CdUBEa0-qQN7b3wTN94/s640/IMG_2208.JPG) |
Dei sei at den lettaste børa er kunnskap. Då må ein starte tidleg for å få erfaring. |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgKx5T2Z-0IZ97g38j5RN6IcM2AxTiGgSlQ_VcKiS0gvSXtXPelQhHB7o-RAE0xL4by_bQu5rLDFd2GmNbm3CFx1Q9bt8e1mKQByKywIgXqOXiiW8r2LXanym6t-g4lxy6-oDN8IaBBcT0/s640/IMG_2214.JPG) |
Snø er det ikkje mykje av ute på øyane, so sjølv rimen på marka i november må nyttast. |
Etter at ledegjerdet var kome på plass kunne vi starte å drive vêrane. Dessverre var dei både vansklege å få auge på og i god form.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiWHTEgzkQ3UvMtUGfEzcb7KTTyMpvwu_Dh8zvfm4pywoz30cYCF3YJgFUBUgPq3ESPYLI95Me23bl4PmgqJT_8na9pPS7Kmw6J__yu1tt6uNnXdychCA1u0ELbX2r1PWEIVl1TJervkd4/s640/IMG_2215.JPG) |
Speiding i motlys |
Heldigvis fekk vi hjelp av nokre karar frå ei nabobesetning som skulle kjøpe vêrlammet vi hadde plukka ut. Dette kom godt med og ikkje lenge etter var alle dei 5 vêrane og vêrlammet fanga.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjZY2_ass_s91xRrUXP4rKuIVnyTM78zq9GVjrLd1AdvHV-mArZxl9pfdfEEvlKlr-ijCNGylUsvWuAB2ei0rJADBMN3wTTRAHV3m3yMoXhujKXpuK_uwcrntCk2MYTrPH1QkqSZEsCceQ/s640/IMG_2220.JPG) |
Ein sliten vêr tek ein pust i bakken |
Dyra vart so frakta til hamna og vidare med båt til Uksnøya. Det venta 100 søyer på dei.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiZZEI0tD6xwi8MkuDoIZT05BwbZxLm47TMXJh8ZS1CwP6JAopj-ck4456-BEMCDuSO7ktyOPJuSH8HYFu6ykYaQPnRLpPNr0FuJPqytNsLaYW1Cjw2am4LZjBYEyMgk6SQuPbHfdo3Di8/s640/IMG_2234.JPG) |
Kjenner dei lukta av søyer no når vi nærmar oss land? |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgfYzdtpc23hlmBwumNWqNbovZ3uVipXqlOdU4hcr2ewvm0NjmrBVX7eM3nCpXzonbzPURcSeyoka4GeFC6tkI6D-cEafcWhR9fiSKFeendFQ_THfhaPcLCnjkw9SYJMOMmOqp34WmfLrM/s640/IMG_2239.JPG) |
Eigne kvite vêrmerkjer er eit krav i merkeforskrifta |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjqRPrSQXitVbIDUEQwNvdwguNaQSXSpmt3hv6mQBmRfwmnyepfIQ6aYBVF1-iOLGMkA3n2cTyBHixlfne6Ae_7NCV4jVfokxgPJHAC-l2a6N315yS9abTQZFGWHM2mImf20NKffPM07X4/s640/IMG_2240.JPG) |
Ein skvett medisin mot innvollsmakk før dei vart slept. |
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjhOl_0r4_AGMSfLDBCk2-ZUnd-n1Hb_lC5gg7icMw_ZArMocvBo6CDKZyIo-6muz4CLH7viHpfgxPZROsJkSpOfL3dbqgH1J16AndAGWU3MijqAPyKBQu4nnTnw2pJrz9K1ezUJqeF5iU/s640/IMG_2245.JPG) |
Vêrane tek eit overblikk frå steingarden |
Det gjekk ikkje lenge før dei fann flokken med søyer, og resten er som dei sei historie.
Kjempefin blogg, Daniel! Masse flotte bilde og artigt å lese!
SvarSlettMor
Tusen takk for det! Vi får håpe at det ikkje berre er ei mor som kan elske sida :)
SvarSlett