onsdag 1. mars 2017

Villsauskinn 2017

Då har endeleg skinna kome tilbake frå garveriet, og få ting er so spennande som å opne kassene med villsauskinn! 

Vi har rett nok helde på med dette i ein del år no, men det er aldri godt å vite korleis utvalet av skinn gjekk og kor fint resultatet vart. Vi tek berre heim dei vi tru vert finast, og det å plukke ut kven av slaktedyra vi skal ha skinna frå, er ein eigen kunst. Ein treng litt flaks og ikkje minst gode avlsdyr. Resultatet var i alle fall over all forventning, og eg trur eg kan hevde at snittet aldri før har vore so bra som i år, både når det gjeld fargar og storleik.

Her er i alle fall bileta frå min del av skinna. Kven likar du best? Legg gjerne igjen ein kommentar :)



















































Dette vart eit heilt unikt skinn - frå storvêren "Kjell André"

3 kommentarer:

  1. 41,45,65,74 og 77 er nydelige ... det er jo meg som alltid vi velge de litt mørk-blandete...

    Juliane

    SvarSlett
  2. Hei:)
    Flotte skinn!
    Er nr 44 event 41 til salgs?
    Hva er i så fall prisen ?
    Laila Haugeneset

    SvarSlett
  3. Hei Laila! Sjekk om du får opp denne: https://www.facebook.com/daniel.fjortoft/media_set?set=a.10153844766772175.590457174&type=3

    Inne under kvart bilete finn du tilgjegelegheit og pris. Gi eit pip om du ikkje får det opp.

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar!