tirsdag 19. juni 2018

Ikkje siste reis - del 1

Helga 1.-3. juni var det klart for årsmøte i Norsk Villsaulag. Jøye meg kor eg gledde meg!

Årsmøta i Norsk Villsaulag roterer mellom dei ulike lokallaga., og i år var turen komen til Austevoll, nærmare bestemt Stangeland gjestegard på øya Stolmen. Austevoll er staden å reise om du er interessert i villsau. Det var her dei siste restane av rasa overlevde i ei tid der berre nokre få såg verdiane som låg i rasa. Det var frå desse øyane rasa igjen spreidde seg når ho fekk sin renessanse. For min del var det første tur til Austevoll, sjølv om eg fleire gongar har reist forbi med båt.

Eit av dei store spenningsmomenta i det eg pakka baggen min før vi reiste, var om det fantastiske maivêret ville vare lenge nok til at vi fekk med oss turen til øya Horgo. Det første «møtet» mitt med øya Horgo, var i eit stykke eg las på nett, skreve av Lars Erling Horgen på nettstaden sheep-isle.dk. I denne artikkelen, som var noko av dei einaste som fans på nett av villsaustoff, var det skreve om drifta på Horgo.  Det heile fekk meg til å bli interessert i historia og særtrekka til rasa, ikkje berre det å drive med rasa. Slik sett var det som om ringen vart slutta.

Heldigvis hadde eg fått treffe Lars Erling ein gong tidlegare. Det første året eg sat i styret Norsk Villsaulag, var også Lars Erling med i styret. Det vart nok i overkant mange spørsmål frå mi side, men eg forstod at drifta hans på Horgo var mykje lik vår eiga ute på Uksnøya, og eg har sidan drøymt om å få besøke øya. Lars Erling hadde mykje å fortelje, og det var lærerikt å høyre på historiene frå ein som må ta ein god del av æra for at rasa i det heile tatt eksisterer i dag, i tillegg til å vere ein av primus motorane for at Norsk Villsaulag vart stifta for snart 25 år sidan. Ja, i tillegg til æra for at eg no stod på rommet og pakka baggen min klar for å reise, sjølv om det nok ikkje kjem til å skrivast inn i historiebøkene.

Årsmøtet på Austevoll skulle vere punktum for styrearbeidet mitt i Norsk Villsaulag, i alle fall for denne gong. Det har vore 4 kjekke år, men tida stekkjer ikkje lenger til, og med unge nummer tre i kjømda, var det rett å seie stopp no.

Det var også tilfellet for avtroppande formann Alv Ottar, som eg har vore so heldig å verte kjent med gjennom villsaumiljøet. Han har rett nok, so langt eg kjenner til, ikkje fleire ungar på veg, men med fleire jarn i elden enn nokon annan mann, kan det bli nok - også for ein som held seg uforskamma sprek og kvikk, ein anstendig alder til trass.

Første gong eg traff han etter å ha kome inn i styret, var på ferga på veg til Trøndelag. Eg skulle betale for bil og éin sa eg. Alv Ottar retta meg, og sa han var honnør. Eg trudde han bløffa, men det viste seg at han var 73 år. Det er 4 år sidan, men han klatrar framleis opp i høge tre med havørnreir for å ringmerke ungane på ein måte som hadde gjort ein kvar tenåring til skamme.

Tidleg fredag morgon sette eg meg i bilen, og henta Alv Ottar, og ikkje lenge etter henta vi Mone, ein av utsendingane frå Sunnmøre Villsaulag, og mannen hennar Bernt. Mone er ei lystig og triveleg dame med godt humør. Bernt er nok ikkje av den typen som fekk tilsnakk for å prate i timane når han gjekk på skule, men med eit lurt smil, er det aldri godt å vite kva han finn på. Den siste vi skulle ha med oss, Egil Kvalsund, fekk dessverre ikkje «fri» frå gartneripliktene sine og måtte vere heime. Eit skår i gleda for både oss og han. Heldigvis kjem det fleire moglegheiter for ein slik kjekk kar. Resten av gjengen var samla, og det var altso duka for ein aldri so liten road trip.

Rett etter at vi passerte Folkestad i stålande solskin, fekk vi vite at Mone hadde laga hjorte-karbonadesmørbrød. Eg var kanskje ikkje svolten, men rasteplassen kunne ikkje kome fort nok. Men turen var lang, og det vart greitt å få nokre kilometer på trippteljaren før vi tok pause. Ved Sognefjorden greidde vi ikkje vente lenger, og ei aldri so lita naudbremsing gjorde at vi fekk plass ved ein litt dårleg merka rasteplass ikkje langt frå Lavik. Maten var aldeles nydeleg, og eg var veldig glad for at Mone og Bernt ikkje berre bidrog med god stemning i bilen, men også eit slikt kulinarisk høgdepunkt, sjølv om det vart på ein nedstøva rasteplass, der Alv Ottar tydeleg kunne kjenne lukta av laksefôr frå flåta lenger ute i fjorden. Etter ein liten svipptur ned i fjellsida for å inspisere rogneskogen, som såg ut til å ha eksepsjonelt lange lauv, var vi tilbake i bilen med retning Austevoll.

Alv Ottar og eg har delt bil - og for den del rom, på fleire turar i tida vi har vore i styret. Alderen har aldri vore ei hindring for å bli gode kameratar. Alv Ottar er ekstremt kunnskapsrik, engasjert og huskar den minste detalj frå eit langt og innhaldsrikt liv. I tillegg er han rimeleg lang i praten, og tek seg god tid når argumentasjonen vert sortert og presentert. Flaks vi skal langt, kan du seie.

Nordfjord. Anda. Førde. Oppedal. Hillesvåg (ja, der ullvarefabrikken ligg). Ei lita omkøyring i Bergen og endeleg, ferje til Austevoll. Framleis sol, inga skodde. Horgo er framleis på timeplanen. Is nummer tre (trur eg). Austevoll i det fjerne.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!