fredag 4. januar 2013

Kavalkade 2012

Her kjem nokre bilete frå året som gjekk!

 

I januar lånte eg ei telelinse.



I februar braut bårene fortsatt inn over øyane.

 

I mars var det både solskin og snø!

I april kom dei første lamma og det vart forhold til å brenne lyng!

 I mai kom villsauskinna frå garving.

I juni vart det rydda og reparert gjerde etter Dagmar, og vi bygde nytt hegn til dyra.

I juli klipte Natalie og Amalie sine første sauar, vi tok ut nye avlsvêrar hjå Atle og Kjetil Bakken og det vart til og med sommaridyll.
I august stelte vi markane og fekk frakta ut den nye skuffla til traktoren.
I september blomstra røsslyngen!

I oktober vart det helde kurs i grunnleggjande båtliv.

I november vart vêrane sleppt til flokken.

I desember speida vi med teleskop.

Takk for året som gjekk og godt nytt villsauår!

torsdag 20. desember 2012

Adventstid i havgapet

Sist søndag tok eg og bror min ei pause i julestria og reiste ut på tilsyn for å sjå korleis sauane ladda opp til julehøgtida. GPS-sendaren på vêren hadde har ikke fungert på ei god stund, og vi ville gjerne finne ut kva som hadde skjedd. Teleskopet til bror vart difor pakka med og kursen vart sett mot havgapet.

Etter att eg hadde henta bror på Røsokhamna på Harøya, la vi vegen ut på nordsia av øygruppa der vi visste dyra oppheldt seg. Ikkje lenge etter oppdaga vi dyr på eit par holmar. Den store floa hadde sett ein stoppar for vidare bevegelsar. Resten av flokken stod på fastlandssida og venta på fjøre sjø.

For å ikkje stresse dei omflødde dyra gjekk vi i land på ein holme litt lengre nord. Der pakka vi opp teleskopet og starta å leite etter vêren med GPS-sendaren. Kunne klaven ha løsna, eller var sendaren knust under kampen om søyene?


Dei sylskarpe teleskopet ga god oversikt, sjøv på avstand. Eg prøvde å ta nokre bileter i gjennom teleskopet med lommekameraet mitt, utan det heilt store resultatet.



Vêren med GPS-sendaren vart lokalisert og den grøne klaven var god å sjå. Dessverre såg vi ikkje GPS-sendaren, som truleg har losna eller vorte knust. Når vi ikkje får inn signal får den vert det heller inga lett sak å lokalisere den, men om du har ledig tid i jula må du gjerne kike etter den!

  

Etterpå gjekk turen til sørsida og vi gjorde landhogg nær husa. Den svært store floa skapte litt utfordringar då vøra stod under vatn, og steinar som normalt er godt syneleg var ingen stad å sjå. Mens bror passa båten tok eg runda for å sjå etter husa og om alt var som det skulle.



Etter å ha sett etter husa gjekk turen innom Røsok og vidare mot Brattvågen igjen. Vinterhimmelen på veg heim var ikkje anna enn fantastisk!



No er det berre dagar att til årets viktigaste måltid skal nytast! Kanskje er det villsau frå Uksnøya som står på bordet ditt? God adventstid!

lørdag 10. november 2012

Lukt av brunst

Det er den tida på året. Det siste lauvet har sleppt taket på trea, nysnøen ligg i fjella og ikkje minst er det lukt av brunst i lufta. Det er med andre ord tid å sleppe friarane til!

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Dagen starta med å sette opp ledenot, og ikkje lenge etter var dei sju vêrane i godt driv med oss og tre sambygdingar frå Fjørtoft Beitelag i helane. Fem av vêrane skulle ut i Uksnøya, mens dei to andre hadde villsaulaget på Fjørtofta kjøpt. Når vêrane er i toppform kjem hjelpa godt med, spesiellt når markane er tunge av regn. Etter litt fram og tilbake gjekk vêrane ned i ein liten blindveg i gjerdet, og vi såg vårt snitt til å prøve å fange dei der.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Ikkje alt gjekk heilt som vi håpte på, men etter at røyken hadde lagt seg var i alle fall to av vêrane sikra.

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Resten av gjengen kom seg unna, men ikkje lenge etter hadde vi fått trengt dei ned mot ledenota og fått dei sikra. Etter ei dose medisin, var det klart for å laste dei på traktoren og frakte dei til båten.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Vêrane var ganske tamme, sjølv fleire månader etter siste nærkontakt med menneskjer. Når dei vart henta i sommar var dei handtamme, men når dei kom i same gjerde som dei eldre vêrane som ikkje lenger var so tamme, trekte dei samla bort frå når ein kom for nær. Ombord i båten var det klart for å sette kurs mot Uksnøya der søyene venta på dei nye friarane.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Foto: Åshild K. Fjørtoft
Fleire av vêrane hadde ikkje latt båtturen gått ut over matlysta, og litt kraftfôr frå handa mens dei venta på å verte sleppt fall i smak. Alle fekk også nye kvite merkjer, slik at dei ikkje hamnar i klammeri med myndigheitene om dei skulle dukke opp mens dei er opptekne med andre ting. Vi sjekka også klauane og ga dei ei lita oppfrisking med kniven. Når dyra berre går på mark og lyng slit dei ikkje klauane slik dei skal, og ein må stelle dei ved å skjere bort den hardare kanten på klauen. Når dei går i fjøre og på berg, slit dei klauane rettare, og ein slepp som regel å gjere noko med dei.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Å få vêrane på land er ein ting, ein annan er å hindre dei i å hoppe opp i båten igjen. Dei er trygge i lag med andre, og når fleirtalet står att i båten, kan det heile utarte seg til eit lite sirkus.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Foto: Åshild K. Fjørtoft
Oppe på vøra, var det tid til ein siste smak på kraftfôret før dei skulle ta fatt på arbeidet sitt.


I det vêrane starta so smått å trekke opp mot land, oppdaga eg på at fadesa ikkje var langt unna! Vi hadde gløymt å montere GPS-sendaren! Heldigvis fekk eg tak i horna til ein av vêrane, og ikkje lenge etter var klaven under montering.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Oppe på stranda starta dei å snuse på alt det spennandes dei såg.



Søyene hadde akkurat trekt litt unna, men lukta hang tydlegvis i lufta. Ein av vêrane starta å snuse etter dei med det spesielle lukteorganet over ganen, som mellom anna gjer at dei kan merke søyer i brunst. Den noko spesielle grimasa vert kalla flehmenrefleks.


Vêrane rusla so bort på oppdagelsesferd mens eg tok turen å sjå etter flokken.


Søyene var litt lengre nord, og såg ut til nyte det fine vêret. Etter å ha studert dei litt gjekk turen heimover for vår del. Vêrane brukte nok ikkje lenge på å finne dei slik at flørtinga kunne starte. Om du kikar innom GPS-sporinga oppe på sida får du kanskje ei oppdatering om kor dei oppheldt seg.

torsdag 8. november 2012

GPS på villsau - del 3

Etter å ha prøvd systemet med GPS-sporing på nokon av villsauane er det på tide å dele erfaringane. Her kjem ei oppsummering!

Som du kanskje har fått med deg var lodda vi fekk tilsendt feil, og sendaren vart hengande på undersida av nakken slik at dekninga ikkje vart god nok. Dette gjorde rapporteringane ustabile, og effekta av sporinga var ikkje den heilt store. Etter å ha fått bytt ut lodda, var det stor spenning om dette skulle løyse problema.


Som du ser på biletet er dei nye lodda dobbelt so store som dei gamle (det gamle ligg inntil oppe til høgre). Dei nye og større lodda skulle etter alt og døme få sendaren til å ligge opppå nakken til dyra, slik at signala vert stabile og gode. Grunnen til at det fins to typer er at dei som brukar bjelle på sauen ikkje treng like store lodd for å få stabilitet.

Dei nye lodda vart monterte på reserveklavar og teke med ut på sankinga slik at dei kunne monterast på to av dei eldste søyene.

Sjølv om ikkje signala har vore gode nok til å få inn alle rapportane, fortel kartet at dyra stadig er på vandring. Under ser du spora til to av søyene ca frå 1. juli til 1. oktober.



Ut i frå desse spora kan eg bekrefte erfaringane med at dyra er meir på gras enn på lyng denne tida av året, men at dei aktivt nyttar lyngbeita året rundt.

Eg var også spendt på korleis utstyret hadde takla det å henge på dyr som klatrar i bratte bergsider, vassar i sjø og lever i eit svært uskjerma liv. Dette var tross alt den enklaste delen av året, og snart ventar frost, meir vassing etter tare og ei lang periode utan batteribyte.

Etter at eg fekk plukka utstyret av dyra, var det klart at sendaren ikkje hadde hatt det heilt enkelt der dei har hunge på sida og under nakken på dyra. Ein del striper var det, men ingen større skader. Det eg merka meg var at festeloket som låser sendaren til klaven hadde fått det meir enn sjølve sendaren.


Hadde eg hatt nye lokk for hand skulle desse blitt bytta umiddelbart. No må det vente til neste sommar. Ein annan ting er at skruane som føljer med for å feste loket ikkje er at den aller beste kvaliteten, og desse må eg pårekne å byte når eg byter lokk.


Batterilevetida over sommaren fungerte svært bra, og det var fortsatt bra batterilevetid igjen, sjølv etter mange rapporteringar. Batteria vart uansett bytt før vinteren, og framover hausten nyttar vi tre rapporteringar pr døgn. Det kan vere at vi må nedjustere om litt for å spare batteri.


GPS-spora til ei av søyene frå den siste månaden viser at hausten er komen. Ein kan sjå at dyra beiter meir i område med lyng (områda mot nord) enn dei gjorde i sommar.

Eg har sidan sist nytta Telespor sin Google-intregrasjon for å legge ut plassering av dyra på denne sida. Dette gjer det enklare å sjekke til dømes frå mobiltelefon, og gjer infoen tilgjengeleg for andre som ikkje har passord til hovudsida. Om du ikkje har kika på dette enno, finn du kartet med oversikt over kor dyra er på knappen "GPS-sporing" under biletet av sauane på toppen av sida. Snart skal vêrane sleppast til, å då skal ein av dei merkast med GPS, med andre ord nærmast som reality-tv!

Alt i alt ser ting bra ut, men batterilevetida over vinteren vert avgjernade for kor bra produktet er for vår del. Med tre rapporteringar pr dag, har vi ei bra oversikt kor dyra er. Om vi må redusere til ei rapportering for dag, mister ein litt av poenget. Om du har handtame dyr, kan du sjølvsagt byte batteri oftare og soleis ha endå høgare frekvens på rapporteringane.

Ut i frå søkjestatestikken inn mot sida ser det ut til å vere mange som er på jakt etter andre med erfaringar med GPS på villsau. Har du spørsmål eller har erfaringar å dele knytt til temaet må du gjerne legge igjen ein kommentar under!

tirsdag 30. oktober 2012

Tilsyn med den nye båten

Laurdag var det tid for å sjå etter sauane. Dette skulle også vere jomfruturen til den nye båten som tilsynsbåt, etter ei tid på land for reperasjon.

Bror min arbeidde til seint på kvelds fredag med å byte ut den øydelagde styringa på den nye båten. Spørsmålet no var om alt fungerte som det skulle. Båten vart sjøsett og mannskapet sette straks kursen ut mot Uksnøya.

Heldigvis såg alt ut til å fungere, og vêret vart stadig betre. Inne på fastlandet låg alt den første snøen, og vi kunne sjå snøbygene som piska mot fjellsidene. Uksnøya derimot, låg bada i den lave haustsola, og snøen hadde enno ikkje meldt sin ankomst.







Utsikt mot vest

Etter å ha sjekka litt rundt om på holmane, var det tid for å spore opp flokken. Det var ikkje det vansklegaste,  ettersom ein rask kik innom gps-oversikta på mobilen fortalte meg kor dei var. Snakk om feige lag!


Dyra gjekk å beitte på eit område vi brente av for nokon år sidan. Det er godt å sjå at desse områda er populære blant sauane, og at dei friske skota med lyng freistar. Spesielt no på hausten når graset mister næringa si, er den friske røsslyngen avgjerande for dyra.



Båten og den nye styringa fungerte supert, og vindskjermen vil gjere tilsyn vinterstid mykje lettare.


Heimvegen var ikkje anna enn flott! Heime med mormor og morfar venta middag, med restane av fjorårets villsau. Då går ingen båtar fort nok, sjølv ikkje denne!

fredag 26. oktober 2012

Kraft av villsaubein

Når ein beinar ut lammelår, sadlar og bogar så havnar ofte beina ofi boss. Det er det ingen grunn til, sidan det ligg mykje god smak i beina som kan gje deg eit ess i ermet neste gong du skal lage til ein god middag av villsau!

 

Når du skal koke kraft, er det første du må gjere å bestemme om du skal lage mørk eller lys kraft. Forskjellen går på om du brunar beina på panne eller i steikeomnen før du kokar dei. Om du brunar dei, får du mørk kraft. Vi skulle lage lys kraft, og då var det berre å finne fram den største panna og sette i gong.

Vi brukte damperist i botnen av panna, slik at ikkje noko skulle svi seg fast når vi seinare skulle koke inn krafta. Etter at denne var plassert, gjekk alle beina opp i panna, og den vart fylt med vatn slik at alt var dekt med vatn. Etter det hadde vi hakka løk, gulrot, purre og litt selleri oppi. Hinner, brusk og litt feitt er berre bra og er med på å gje god smak.


So er det berre å slå på varmen og la kokinga starte. Vi kokte beina i ca 2 timar under lokk før vi tok ut bein og det grøvste av grønsaker og starta å koke inn krafta. Eit tips er å fjerne proteinskummet som legg seg på toppen, slik at krafta vert klarare.


Etter å ha kokt inn krafta på ganske høg varme utan lokk, stod vi igjen med ca 3 liter veske. Denne vart sila igjennom eit kjøkkenhandkle og sett på kjøling.

Dagen etter hadde krafta vorte til ein gele, med feittet liggande på toppen.



Fjern feittlaget slik at krafta skal halde seg lengre utan å verte harsk. Vi pakka kraftgeleen i plastposar og fraus dei på flatt underlag slik at dei tek lite plass under lagring.




Då er det berre å glede seg til å få lage nydeleg villsausos eller lapskaus av den nye krafta. Kik innom so får du kanskje oppskrifta!

Har du kokt kraft på bein? Korleis gjer du det?