fredag 26. oktober 2012

Kraft av villsaubein

Når ein beinar ut lammelår, sadlar og bogar så havnar ofte beina ofi boss. Det er det ingen grunn til, sidan det ligg mykje god smak i beina som kan gje deg eit ess i ermet neste gong du skal lage til ein god middag av villsau!

 

Når du skal koke kraft, er det første du må gjere å bestemme om du skal lage mørk eller lys kraft. Forskjellen går på om du brunar beina på panne eller i steikeomnen før du kokar dei. Om du brunar dei, får du mørk kraft. Vi skulle lage lys kraft, og då var det berre å finne fram den største panna og sette i gong.

Vi brukte damperist i botnen av panna, slik at ikkje noko skulle svi seg fast når vi seinare skulle koke inn krafta. Etter at denne var plassert, gjekk alle beina opp i panna, og den vart fylt med vatn slik at alt var dekt med vatn. Etter det hadde vi hakka løk, gulrot, purre og litt selleri oppi. Hinner, brusk og litt feitt er berre bra og er med på å gje god smak.


So er det berre å slå på varmen og la kokinga starte. Vi kokte beina i ca 2 timar under lokk før vi tok ut bein og det grøvste av grønsaker og starta å koke inn krafta. Eit tips er å fjerne proteinskummet som legg seg på toppen, slik at krafta vert klarare.


Etter å ha kokt inn krafta på ganske høg varme utan lokk, stod vi igjen med ca 3 liter veske. Denne vart sila igjennom eit kjøkkenhandkle og sett på kjøling.

Dagen etter hadde krafta vorte til ein gele, med feittet liggande på toppen.



Fjern feittlaget slik at krafta skal halde seg lengre utan å verte harsk. Vi pakka kraftgeleen i plastposar og fraus dei på flatt underlag slik at dei tek lite plass under lagring.




Då er det berre å glede seg til å få lage nydeleg villsausos eller lapskaus av den nye krafta. Kik innom so får du kanskje oppskrifta!

Har du kokt kraft på bein? Korleis gjer du det?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!