mandag 15. oktober 2012

Siste avgang Uksnøy - alle ombord!

På Uksnøya er det ikkje berre godvêrsdagar. Når stormane skal tøffe seg utover hausten, kan det går hardt føre seg. Difor må ein berge det som bergast kan. Flytebrygga må heim til vinteren!

Etter fleire dagar med svært fint vêr og vindstille, rasla det litt meir i trea søndag morgon her på Stette. Far min forsikra meg på telefon om at det framleis var vêr til å hente heim flytebrygga for sesongen, så eg sette kursen mot Fjørtofta for å hjelpe til.

Fjorden var ganske rufsete, men då eg nærma meg Fjørtofta var det klart at nordavinden ikkje skapte like store vanskar utover mot Uksnøya. Det vart ein fin båttur i strålande sol ut mot Uksnøya.


Eg tok ein tur på land for å sjå etter hus og dyr. Ikkje mykje å rapportere frå den fronten, men som du kanskje ser, var det verdt turen.



Tilbake på brygga, gjekk vi i gong med å heise opp fortøyningane og gjere klart til å løyse ho frå land. Det er sjeldan stille her ute på Uksnøy, og fortøyningane må tåle hard medfart gjennom ein sesong. Gnuring og gnag slit raskt av material, som andre stadar hadde vart ein mannsalder.


Vinden gjorde arbeidet vanskeleg, men heldigvis er kraftblokka på båten er til god hjelp, og gjer at ein kan halde trykket borte frå sjølve brygga medan vi løyser fortøyningane.



Fortøyningane sikrast med blytau inn til land, slik vi kan kople dei på igjen når brygga skal ut igjen til våren.

Etter at brygga er frakta inn til vinteropplag, er det ikkje råd å lande på Uksnøya med større båtar. Det gjer sjølvsagt at det vert vanskelegare å halde tilsyn, og difor ønskjer vi å ha brygga ute so lenge det er vêr til det. Somme år kjem hausten brått, og då er spenninga stor om brygga har overlevd.

Du skal ha lange bein om du skal nytte denne landgangen!
Ein del vind gjorde at operasjonen ikkje hadde større sikkerheitsmargingar enn det vi trong, men vi fekk laus brygga og sette rett kurs på slepet.


For å unngå å måtte slepe brygga opp mot vinden og dei store bølgene som venta nærare Fjørtofta, sette vi kurs mot Harøya og haldt oss godt inn til land. Då kunne vi slepe med vinden i ryggen siste biten rundt "Kapp Vågholm", staden som er berykta for sin kraftige straumsjø. Planene fungerte, og godt var det. Heime venta mor med fårikål frå årets villsau. Og ja, det var ikkje anna enn nydeleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!