mandag 8. oktober 2012

Haustsanking 2012 - del 2

Her kjem del to av sauesankinga hausten 2012!

Ikkje lenge etter at vi hadde kome i gang, lysna det i vest og snart kika sola fram! Arbeidet gjekk unna og ikkje lenge etter var første lass med vêrlam på veg mot Fjørtofta.

Lasting av vêrlam på traktoren - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Som for alle dyr, er tennene avgjerande for emna til å få i seg nok mat. For dyr som skal finne maten sjølv, er dei heilt avgjerande for at dei skal overleve. Villsauane har framtenner kun i nedste kjeven, og det er desse dyret brukar til å rive/bite av maten frå vegetasjone. For å sikre at dyra skal greie vinteren sjekkar vi tennene. Det er stor variasjon frå dyr til dyr kor lenge tennene held seg. Mange dyr i 10-12 års alderen har vorte slakta med fine tenner, mens dyr ned i 5 års alder har hatt heilt nedslitte framtenner. Dette er nok som for menneskjer ei blanding av genetikk og bruksmønster. Sjekk av tenner i lag med hald er det viktigaste ein kan gjere i utvalet av dyr for å forhindre tap. Dessverre er det ikkje økonomisk forsvarleg å sende dei til tannlege, so dette arbeidet må ein ta sjølv. Dyret under syner framtennene til ei gimre (1,5 år gammal). Du kan sjå at den har mista ei mjelketann og ei ny framtann er på veg opp.

Puss puss so får du ein suss!?

For å få Telespor GPS-sporinga til å fungere optimalt måtte vi byte om på vektlodda på GPS-sendarane. Meir info rundt dette kjem i eigen post seinare.

Sjekk av Telespor utstyret etter nokre månader bruk - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Mykje av grunnlaget for kva dyr som skal avlast vidare på er historiske data samla inn over lengre tid. Utvikling i vekt, kor lett dyret er å klippe eller rue sommarstid og om den har hatt lam er notert tidlegare. Dette vert vurdert opp i mot hald, alder og rasetrekk og endeleg konklusjon vert fatta.

Ingjerd sjekkar historikken til dyra

Vêrlam på veg mot vekta -  Foto: Åshild K. Fjørtoft
Alle dyra vart vegde, slik at vi kan følje utviklinga til både enkelt individ og flokken. Ei skikkeleg vekt er ei svært god investering, og vil spare deg for mykje arbeid samanlikna med td ei bøylevekt.

Johan er fornøgd med det han ser
Når ein handterar villsau, må ein vere førebudd på at når som helst kan det gjere eit rykk for å kome laus. Om ein ikkje er konsentrert kan ein fort stå at å lure på kva som skjedde. På biletet under tek vêrlammet eit byks for å prøve å kome laus frå Susanne. Heldigvis var grepet godt og konsentrasjonen tydelegvis tilstades! Eg skulle til å skrive at ho var eit godt kjæringemne, men då får eg heller nøye med meg å konkuldere at ho er ei flott gardskone! Alice til høgre, som også har eit fast grep, er forøvrig også godt gift.
Foto: Åshild K. Fjørtoft
Alle dyr som skal overvintre vart behandla mot snyltarar Vi har vore so heldige å ikkje vore plaga med innvollsmakk eller hatt flått på dyra, men for å hindre at slik får etablere seg er det lurt å vere føre var.

Unni gir søya si tilmålte dose - Foto: Åshild K. Fjørtoft


Årslamma ventar på si vidare skjebne - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Dette utruleg skjarmerande søyelammet hadde dessverre for mykje ull på spæl og bakbeina til å verte avla vidare på. Om det kanskje ikkje er mykje trøyst får ho i det minste biletet sitt foreviga.
Hjertrud hadde vell vore eit passande namn

Og Hjertmund hadde vell vore eit passande namn på dette vêrlammet - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Ei av søyene som vart sleppt. Fjørtofta i bakgrunnen. - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Assistentane på kjøkkenet kom med klar beskjed!
Det var med andre ord tid for middagspause. På menyen stod både fiskesuppe og brennsnut i gamlestova. Kik innom for siste og avsluttande del av denne triologien!

Legg gjerne igjen ein kommentar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!