tirsdag 9. oktober 2012

Haustsanking 2012 - del 3

Siste del av triologien om sauesankinga hausten 2012.

I det dei fleste gjekk til middag, kunne vi sjå ein båt med noko ustø kurs mot land. Det var Terje i den nye båten. Når han omsider kom seg inn til land fekk vi vite at noko var øydelag med styringa. Etter litt skruing viste det seg at vaieren på styringa hadde slitna og ikkje kunne reparerast. Dette var eit stort tilbakeslag, og kunne sette krokfot på transporten over fjorden. Etter nokre ytringar som ikkje egnar seg på trykk, gjekk Terje i gong med å finne ei alternativ løysing.

Ein bit av eit gammalt stallhengsle vart festa på ein hesjastaur, og ikkje lenge etter var den nye styringa under montering på båten.




Der der er vilje, er der ein veg. I alle fall om ein har ein liten Petter Smart på laget! Litt tilvenning til den speilvendte styringa trengst nok, men båten var snart i sving igjen!


Dette søyelammet var meir interessert i båtliv og navigasjon enn gjennomsnittet. Om lammet kjente til si vidare skjebne skal ein ikkje sjå bort frå at det hadde endt med ei kapring og flukt mot friheit.

Eit søyelam på veg mot båten - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Lasting av båt - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Vi nærma oss slutten, og ein båtlass med folk gjekk innover for å nå ferga. Det siste lasset med dyr stod lasta og klart på traktoren, so når båten kom ut igjen var det berre å laste over og spyle opp traktor og utstyr. Når eg kom ut igjen etter å ha vore inn til Fjørtofta med dei som skulle reise, var fargane so fantastiske at dei måtte forevigast på bilete.



Etter at alt var rydda opp venta heimreisa og ei lita utfordring på Fjørtofta. Eit vêrlam hadde kome seg laus og måtte fangast. Ein noko utsliten gjeng gjekk laus for å lokalisere og fange lammet i det siste rest av dagslys ebba ut. Når vi kom inn på lammet, sette det kursen mot fjøra og la på svøm. Etter ein noko lengre svømmetur enn det tilskodarane sette pris på, kom lammet opp på land. Ikkje lenge etter var det fanga og på veg opp til garden.

Både på søndag og måndag var det eit ganske grusomt vêr med mykje regn og vind. Alle var svært fornøgd med at vi greidde å få over dyra før styggevêret kom.

Måndag var tida koma for å  sende dyra til slakteriet på Hellesylt. I skikkeleg ruskevêr fekk vi dreve i saman sauane og lasta dei inn på slaktebilen.


Det er alltid vemodig å sende dyr til slakteriet. Ei lita trøst er det då at dei som hentar dei er flinke og omtenksome, og at dyra har det best mogleg på si siste reise. At dei har hatt eit flott liv i fridom på gode beiter gjev også ei trøst.


Ei stor takk til alle som hjelpte til, og som er med å gjere drifta mogleg!

No er det snart tid for salting og tørking av kjøt. Kik innom og legg gjerne igjen ein kommentar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!