torsdag 18. oktober 2012

Meisebollar av villsaufeitt

Medan vi set inne og kosar oss med fyr i peisen og godt villsaukjøt på bordet, sit mange av dei små vennane våre ute og frys. Kvifor ikkje lage ei lita gåve til dei?

Villsauen lagrar det meste av feittet i magen, og kor mykje feitt det er på sjølve villsauslakta varierar frå dyr til dyr og frå år til år. På mindre dyr er det kanskje ikkje feitt i det heile, mens på større dyr finn ein gjerne feitt på utsida av lår og ribbe. Om ein likevel ikkje et feittet, kan ein gje det til dei som likar det; småfuglane våre!

Du kan gje feitte til fuglane slik det er, berre ved å feks dytte det inn ei gammal løkstrømpe, eller du kan koke det og lage meisebollar. Vi prøvde det siste.


Start med å samle på feittet når du steller kjøtet. Du bør ikkje skjere vekk alt, men der det er tjukkast med feitt, kan du godt ta bort litt utan at det øydelegg julemiddagen.

Når du er ferdig har du feittet opp i eit passande panne og tilsett litt vatn. Vi brukte ca 1-2 dl til mengda feitt du ser over. Sett på middels varme og ha på loket. Etter ei stund vert feittet blankare. Om du ventar endå litt til, startar feittet å koke ut og samle seg på botnen.


Utan å ha testa brannfara med villsaufeitt, gjeld det å ikkje varme for hardt. Dette sidan overoppheita feitt har ein lei tendens til å skape farlege situasjonar i form av eksplosjonsarta brann. Det er verken menneskjer eller småfuglar tent med, so ver forsiktig! Om noko mot formodning skulle skje, slokk med å legge på eit lok, ikkje tøm på vatn!

I alle fall, når feittet er utkokt, kan du sette det på kjøling ei stund. Brennvarmt feitt er som kjent mykje skumlare enn vatn med tanke på brannskadar, so her gjeld det å la det få kolne litt før ein startar å jobbe med det.

Når feittet har kome litt ned i temperatur, sil det over i ein bolle slik at du får bort klumpane og restar av kjøt. Tilsett so solsikkefrø til blandinga er passeleg tjukk. Då er det berre å ha blandinga over i passande former. Om du ønskjer kan du lage opphenget som ein del av bollen, ved å feste ein trådbit inn i bollen. Bruk gjerne ei fyrstikke eller liknande for å få godt feste.

Damene i full sving med å sikre småfuglane mat til vinteren
Eingongs pappbeger kan anbefalast som form.


Meisebollane er ferdige, og kan settast til avkjøing.


Dagen etter inspiserar Natalie sluttproduktet, og likar det ho ser! No kan vinteren kome.

Har du laga meisebollar sjølv? Korleis gjekk du fram?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!