mandag 8. oktober 2012

Haustsanking 2012 - del 1

I den tida på året når hauststormane normalt står i kø inn frå vest, er det tid for å leite fram oljeklede, god kondis og pågangsmot. Det er klart for haustsanking!


Når ein skal sanke dyra treng vi ikkje berre vêr til å transportere dei over fjorden, men fjøra må også vere stor nok til at vi greier å sanke dei saman. Dei mange sunda som koblar saman dei forskjellege øyar, holmar og skjera er berre råd å krysse to gongar i døgnet på fjøre sjø. I haust har fjøra vore slik at det er berre anna kvar helg den passar med dagslyset. Denne helga passa det også med mannskapet, og då var det berre å halde av helga og håpe på vêr.

Fredag bar det ut i Uksnøya for klargjering av gjerder, utstyr og traktor. Den nyoverhalte vøra vart også fendra for å enklare kunne legge båten til der. I år hadde vi kjøpt ein båt for å nytte til tilsyn og frakt til sauar. Ein Hansvik 18 frå 80-talet, kombinert med ein den gamle Hansviken skulle no sikre at vi rakk å få over alle dyra på ein dag. Desse vart utrusta med tepper slik at dyra står stødig på ferda over fjorden.

Med det grøne teppet bør vell dyra føle seg heime
Bror på veg ned fjøra med lasterampa
Vi fekk også transportert ned landingrampa som vi nyttar når dyra skal flyttast frå båten og over i traktoren på Fjørtofta. Det går ein del tid til å straumlinje alle operasjonar, slik at ein rekk å verte ferdig på ein dag, men det er alltid kjekt når ein ser resultata.

Fredag skein sola og vinden var ikkje verre enn at det skulle gå, men meldingane var klare på at ein lavtrykksfront var på veg. Når vi gjekk til sengs fredag var heldigvis Meteorologisk Intstitutt positive til at vi akkurat skulle rekke det før styggevêret kom.

I lysninga laurdag reise dei første av oss utover for å starte drivinga av dyra. Mykje av mannskapet kom først på ferga i 9 tida, men for å få over dyra før floa reiste vi ut for å få oversikt og starte drivinga.

Magisk - skarv i soloppgang
Synet som venta oss nede i fjøra var ikkje noko anna enn magisk! Soloppgangen var av det minnerike slaget og det ein kan kalle ein god start på dagen!

Siste rest av sol - Harøya i det fjerne
Dessverre tok det ikkje lenge før det starta å regne og vinden tok tak i regnjakka. Vi la oss i skjul og venta på at resten av troppane skulle kome i posisjon og at dei fekk lagt ut siste nøtene i fjøra nedom tunet.

Siste førebuingar - Foto: Åshild K. Fjørtoft
Dyra stod dessverre nært tunet, noko som ofte gjer ting vansklegare. Dyra spring vanlegvis eit stykke når dei ser kva som skjer, og om dei er lengre borte får dei springe av seg det verste og vert lettare å kontrollere. Etter nokre forsøk på å lure oss, inkuldert ei vasping over eit sund, var dyra på veg inn mot tunet.
 
Foto: Åshild K. Fjørtoft
Ikkje lenge etter var dyra inne på tunet og vart fordelt i dei fire hegna.

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Med dyra trygt inne på tunet fekk vi av oss våte klede og ein liten matbit.

Foto: Åshild K. Fjørtoft
Inne i den gamle røykstova hadde Turid dekka på med gjærbakst og varm drikke.

Regnet og vinden gjorde dagen lite egna for papirarbeid, so eit improvisert telt vart reist for å gje le til dei som skulle notere.
Sondre, Janne og Karoline smiler til fotografen. Foto: Åshild K. Fjørtoft

Føl vidare med for å sjå korleis det gjekk i del 2!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!