søndag 12. oktober 2014

Villsaukåring på Kvalsund

Laurdag 11.10 arrangerte Sunnmøre Villsaulag kåring av vêrlam og risbitar på garden til Egil Kvalsund på Nerlandsøya. Vêret var strålande, og mange tok turen for å få dyra sine vurderte, eller berre for å stifte nye kjennskap i villsaumiljøet.

Ein flott gjeng risbitar ventar på å få vist si beste side


Dommarane Kjetil og Egil diskuterer vêrlamma


Når dommarane talar, føljer både dyr og folk nøye med - Her er eit vêrlam frå Ørsta

Når det skal kårast, er det eit sett med definerte sjekkpunkt som skal poengsettast. Dette går mellom anna på rasepreg, bein, horn osv. Dommarane går igjennom punkt for punkt og gjev karakterar som til slutt vert summert. Dommarar for dagen var Egil Kvalsund, Atle Bakken, Kjetil Bakken og Reidar Christiansen. For eigarane er det greitt å få ein peikepinn på korleis dyra deira vert vurderte. Eigarane får også med seg det utfylte skjemaet som ein kan bruke ved seinare sal av dyret. For min eigen del begynte kåringa litt for tidleg på dag til å rekkje å få sanka inn dyr å teke med, men kanskje får vi til noko neste gong. For tilskodarane er det mykje å lære, sidan ein får stå heilt innpå og høyre kva og korleis dommarane vurderar. Slik sett er vêrkåring ein ideell publikumsidrett!
Atle Bakken får hjelp av sonen til å snu ein vêr slik at understellet kan inspiserast

Eit anna viktig aspekt på slike dagar er det sosiale. Ein får knytt viktige kontaktar, og utveksla erfaringar.
Reidar gløttar bort på poengskjemaet - kjem denne risbiten til å vinne? Far frå Hilde Buer si besetning og mor frå Egil K.

Dommarane på ei vêrkåring, har sine ulikheiter i korleis dei vurderer, og kva eigenskapar dei vektar tyngst eller kor strenge dei er. Det som kanskje skil ein dommar på ei vêrkåring frå mange andre kåringar, er at du slepp å høyre han bruke ordet "sinnsjukt" fleire gongar i kvar setning. Ein del prat om ballar og krøllete hår på rompa vert det rett nok, men ikkje slik at det vert uegna for born.

Egil og Mone Løvøy kan konstatere at arrangementet har vore ein suksess!
Kjøtfylda til dyra vekta opp i mot rasepreget, har vore eit tema mange gongar før, og også denne dagen vart det gode diskusjonar knytt til temaet rundt bingane. Noko semje får ein truleg aldri, men det er vel noko av moroa, i alle fall so lenge det ikkje bryt ut handgemeng.

Vinnaren i lammevêrklassa vart vêrlammet til Godbiten Beitelag på Sørheim i Ørsta.
Vinnaren i risbitklassa vart vêren til Egil Kvalsund (som vist på bilete lenger oppe).

Eit stor takk til alle som var med å arrangere! Eg gledar med allereie til neste gong!

Om du driv med villsau, ikkje vent med å melde deg inn i eit lokallag i Norsk Villsaulag slik at du og kan ta del i spennande aktivitetar knytt til villsau!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!