tirsdag 28. oktober 2014

Haustsanking del 3 - Spring for livet!

Det er travle dagar, og siste del av historia om haustsankinga hadde eg i grunn tenkt å la ligge. Men når eg såg dei flotte bileta systra mi hadde teke, tenkte eg at eg fekk lage ein liten post, om ikkje anna med mykje bilete, og kanskje for å påpeike at det ikkje alltid er noko latmannsliv å drive med villsau...

Søndagen etter sankinga skulle vi ut på Uknsøya for å prøve og temme lamma vi hadde haldt att inne på tunet saman med nokre av dei tammaste søyene. Vi skulle også gjere klar garden til vinteren. Men før vi kom so langt, måtte vi ut å fange eit lam som hadde stukke av frå gjerdet der slaktedyra gjekk på Fjørtofta. Etter ein del springing og sveitting var lammet fanga, men før vi vart klare til å reise utover, vart vêret ganske so utriveleg. Det er ikkje akkurat det du treng når ein skal halde på med tolmodsarbeid som å temme ville villsaulam.

Slik ser stranda ut etter den første hauststormen. Litt av eit matfat for dei som er glade i tang og tare!


Vel ute kom nokre av oss i gong med å temme lam, medan andre gjekk igong å rydde plass til traktoren og reiskapa som skulle inn før vinteren kom. Då viste det seg at delar av låvegolvet måtte skiftast ut!
Meirarbeid før traktoren kunne køyrast inn til vinteren


Temming av eit villsaulam
Amalie nyt både dei flotte dyra og dei flotte rosa markeringane! - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Dette må vere den kulaste villsausveisen nord for Stad? - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Svartepetra - den tammaste og kjæraste søya eg har - Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Ei av søyene får på GPSen -  Foto: Åshild K. Fjørtoft
Det vart dessverre ikkje like mykje tid til temming av lamma som vi hadde håpt på, men kanskje neste år? Heldigvis ga regnet seg rett før vi skulle heim, noko som ga tid til å ta nokre flotte bilete, ikkje minst av då vi sleppte dyra laus igjen. Sjølv kor rolege dyra våre er inne i hegnet, MÅ dei ta nokre voldsomme hopp når dei skjønar at dei slepp laus. Akkurat det gjev i alle fall flotte bilete!


Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft

Foto: Åshild K. Fjørtoft



Foto: Åshild K. Fjørtoft
Etter at dyra var sleppt, gjekk ungane i gong med å rydde ut av naustet, medan siste finpuss på låvegolvet vart lagt.

Neste generasjon villsaubondar i aksjon
Terje pustar ut etter ein hard dag.

Vel heime på Fjørtofta igjen, reiste dei fleste kvar til sitt. Då var det berre å starte med å gjere klar slaktelistene, for om ikkje mange timane skulle dyra hentast av dyretransporten. Midt i arbeidet gjekk rømningsalarmen gjen. Eit lam var observert på feil side av gjerdet, og det var berre å få på seg støvlane igjen. Hovudlykt og VHF-ar vart pakka med, for det var allereie skymt ute Etter ein del springing var det berre å innsjå at det ikkje lot seg ikkje gjere å fange lammet før det vart bekmørkt. Det var berre å stille vekkjerklokka på grytidleg.

Etter å ha stått tidleg opp var det berre å starte og leite etter lammet. Å finne det er det minste problemet, og det vart det nokre kilometer med springing i fjøre, sitkagranskog og mark før vi endeleg fekk det inn i flokken igjen. Fleire gongar var det berre cm om å gjere, mellom anna når det vart hengande fast i ledenota vi brukte, men av og til vil det seg ikkje til. Berre kav var det rett nok ikkje. Eit gledeleg og morosamt augeblikk var det når far min stod berre eit par meter unna lammet, som hadde sett seg fast i den djupe mosen. Dessverre var far min ute av stand til å fange det, då han også vart hengande på "buken" i den djupe mosen. Som ei scene i slow-motion frå ein actionfilm, kava dei to seg sakte framover, bokstavleg talt i ein kamp over liv og død. Lammet fekk fast grunn under beina først, og ei ny runde med springing måtte til. Heldigvis fekk vi pressa det opp til garden igjen, og der fann det til slutt sjølv vegen inn i gjerdet igjen.

Kjartan og Per nyt ein kopp kaffi og litt frukost medan dei ventar på dyretransporten


Når slaktebilen kom, var det klart for å drive saman dyra. Det gjekk nesten so godt som det kan gå, heilt til nokre greidde å bryte ut av manngarden i det dei vart lasta ombord. Opp igjen i gjerdet fòr dei, og kloke av første runde var dei ikkje særleg lette å overtale til å gå dit vi ville ha dei. Enden på visa var at det vart enno meir springing på underteikna og sjåføren frå Ringdal.

Heldigvis greidde vi til slutt å få alle ombord i bilen, og det var berre å starte å glede seg til neste år. Men før det må gjerda reparerast. Og det må skaffast nye støvlar. Med motor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!