mandag 6. oktober 2014

Haustsanking del 1 - Historia om Endre

Haustsankinga er unnagjort, og når sår musklatur og gnagsår treng tid til å gro, får ein nytte tida til å dele litt om korleis det heile gjekk til. Først ut er historia om Endre. NB: Posten er blotta frå fagleg innhald og sluttpoeng.

 

Endre er ingen kven som helst. Nøye utprøvd gjennom eit hardt festivalliv til å få gifte seg med familiens stoltheit, den fagre Åshild, mi syster. Sidan han greier lengre periodar utan sømn, mykje bråk, dårleg vêr og ikkje minst harde tak, er han sett på som den ideelle karen å få inn i familien, og kanskje endå viktigare; villsaulaget. Endre har ikkje skuffa. I tillegg er han ein raser på å blande betong, noko som kjem godt med, også i villsausamanheng. Men nok om betong. Det er fredag før sauesanking, og klokka er halv elleve. Endre har akkurat pakka nista si, eit par-tre bananar og sett kursen mot båten til bror min. Der skal vi tre karane treffast for å reise ut til Uksnøya. Sist helg sette full storm over fleire dagar ein stoppar for den planlagde sauesankinga, og i helga som var fortalte tidevasstabellen at vi skulle få prøve oss på ei ny utfordring. Flo, akkurat når vi treng fjøre sjø for å drive i hop sauane. Planen var difor å starte fredag med å drive sauane frå alle holmane rundt Uksnøya, og over på Uksnøya. Der skulle vi halde dei til floa og nattemørket sette ein stoppar for vidare forflyttingar. Slik kunne vi starte sankinga laurdag med sauane allereie samla på Uksnøya.

Turen gjekk difor rett til Hellesundet, lengst aust på øygruppa. Friske og opplagte hoppa eg og Endre i land. Vel, heilt friske var vi ikkje. Endre hadde ei ganske stygg hoste, og eg hadde nett starta å sjå slutten på ein kraftig forkjølelse. Heldigvis var fønvinden so varm, at dei tjukkaste kleda raskt fann vegen ned i sekken. Vi innsåg tidleg at det ikkje vart mykje til fjøre denne dagen. For dei som ikkje er so kjende med flo og fjøre; kor stor flo og fjøre det vert kan variere svært mykje. Det eine sundet etter det andre vart kryssa. Nokon med litt flaks, andre med dyktigheit. Sauane var ikkje å sjå, før vi brått oppdaga dei på den austlegaste delen av Uksnøya. Det som ellles var å sjå, var kor fint røsslyngen spirte og vaks i områda vi hadde brent. Eg knipsa bilete, og i ein nesten euforisk rus over dei små røsslyngplantane med små lilla blomar på, prøvde eg å overtyde Endre om kor fantastisk akkurat dette med nyskot av røsslyng var. Sjølv etter all mi misjonering om temaet, såg han tvilande på meg, då eg fortalte han at eg måtte ta endå ein litan avstikkar for å ta enno fleire bilete. Eg greidde heldigvis å overtyde han om at det var lurt, då vi uansett måtte vente på større fjøre for å kome oss over til sjølve Uksnøya.



Etter nokre hundre bilete av røsslyng i ulike vekstfasar, var karane komne til vegs ende. Halt-Ola-bykset, namnet som kan få ein kvar avhaldsmann til å innsjå kor sterk lysta på brennevin kan verte. Historia om den halte Ola, som var so tørst etter brennevin at han valte å hoppe over sundet, som alltid har kraftig straum og glatt tare, har vorte fortalt i generasjonar. Rett nok lærte eg som barn at han skulle hente jordmor (noko meir politisk korrekt). Her stod vi då i alle fall. Fjøra var langt ifrå stor nok til å krysse vøra over til eit skjer som fører deg vidare til neste holme, der turen vidare over ei anna vør fører deg over på Uksnøya. Medan vi venta på ei fjøre som ikkje såg ut til å kome, sette vi oss ned å såg på korleis vatnet reiste igjennom sundet, og diskuterte korleis ein halt mann kunne greie å hoppe over. Fulle i sjølvtillitt frå gymtimane i oppveksten, var vi einige om at vi også skulle greie hoppet berre vi hadde landa mjukt. Kanskje Ola hadde vorte halt av landinga, og at det var slik sundet, og mannen fekk namnet sitt?

Nøye vart det i alle fall vurdert, hoppe over, noko ingen annan har greidd verken før eller sidan, eller kle av oss å vasse over det breie, men grunnare sundet lenger aust? Vi kom fram til at å ha tørre klede på den andre sida var viktig, noko som absoulutt vart vanskeleg om ein skulle hoppe. Vi feiga ut, og kledde av oss til vi stod i bokser-shortsen. Lufta var so varm, at om ein ikkje visste betre, kunne verte lurt til å tru at også vatnet skulle vere nådig.



Turen over sundet i det kalde vatnet gjekk fint, heilt til eg skulle opp frå sanden og opp på skjeret. Inne i tangen låg det kvasse steinar. For dei som hugsar "Heime åleine"-filmen; sjå for deg då han høge går barfot inn på stovegolvet, som er dekt i knuste julekuler. No var det eg som sto der, rett nok litt mindre barnevennleg i språkbruken. Eg heldt på å gå på trynet og bløyte både kamera og kleda eg hadde i hendene. Endre var smart nok til gå opp ein annan stad, og sparte dei verste ukvemsorda til eit seinare høve.

Oppe på land var det berre å drage av seg det verste med vatn og la fønvinden gjere resten. Sidan vi måtte vasse over, var det heller ingen stor risiko for at dyra var galne nok til å ta same vegen som oss. Vi kunne difor nøgde rusle mot garden, der dei andre dugnadsfolka venta med varm mat og gjerdearbeid.

Det høyrer med til historia at Endre seinare har fått diagnosert hosta si, som viste seg å vere lungebetennelse. Vi i redaksjonen ønskjer han god betring.

PS: For dei som lurer på kor alle røsslyngbileta vert av - dei kjem nok før du anar det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!