søndag 19. oktober 2014

Natalie si greske reise

På den lange vegen heim frå vêrkåringa på Kvalsund, romla det i magen til Natalie. Ein is på ferga hjalp rett nok på, men kva vi skulle ha til kveldsmat svirra rundt i tankane hennar. Frå baksetet kom det forslag om den eine retten etter det andre. Ja, heilt til ho kom på at ho ville lage grillspyd av villsau. Då var ho allereie i gong med planlegginga.

 

Grilla villsau er noko av det betre ein kan servere seg sjølv og andre, so faren hennar var ikkje vanskeleg å få med på planen. Ho ville ikkje berre ha grillspyd, men dei skulle vere slik ho hadde fått på Kreta eit år ho hadde vore på sommarferie der. Det skulle altso vere grillspyd med ein gresk vri. Etter eit lite stopp innom butikken for å kjøpe grønsaker og grillkol, (som forøvrig var pakka bort for sesongen), var ho i gong på kjøkkenet.

Det første ein treng når ein skal lage god mat, er godt humør. Alle bør starte med å hoppe rundt på golvet før ein går i gong, slik at ein kan sikre at ein er klar for å starte.

Natalie var so hoppande glad for å få villsau til kvelds at det ikkje var enkelt å få klare bilete av ho!











Sjølve spyda til å tre på kjøtstykka hadde dei ikkje på butikken, so då får ein lage sjølv. Ein kjapp tur ned i skogen seinare, og fersk kvist av rogn var barka og klare til å tre på kjøtstykka.



Etter at villsaukjøtet var tredd på, var det klart for å lage marinaden. Start med ein god skvett matolje.



Tilsett hakka rosmarin, salt og krydder etter ønskje. Natalie brukte salvie, basilikum, timian og peppar.  Ein skvett sitron gjev det heile litt syrlegheit.



Bland det heile og rull spyda rundt i marinaden.


Ein kan nesten høyre kor det romlar i magen til Natalie medan ho snur på spyda.

Når spyda ligg til marinering, er det tid for å tenne opp i grillen, og for å starte med potetene. Natalie laga potetbitar med raudlauk, ispedd litt olje og krydder, for ikkje å gløyme godt med rosmarin.


La potetene steikje i 225 grader til dei er litt sprøe og gyldne.

Medan potetene steikte og spyda låg på grillen, gjekk Natalie i gong med salaten. Ho gjekk for crispisalat, paprika og ein heil del raudlauk.



Når alt var klart, var det berre å lø opp på tallerkenen og servere det heile med gresk tzatziki. For ikkje å gløyme den viktige krangelen om kven som skal få den største porsjonen!
























Hugs alltid å involvere borna dine når du lagar mat. Vel, kanskje ikkje dei som har flytta heimanifrå, men i alle fall fram til dei gjer det. Lær dei om gode råvarer (aller helst villsau), so slepp du å irritere deg over å få servert dårleg mat når du kjem på besøk til dei seinare i livet ;) Då gjer du både deg sjølv og dei ei stor teneste!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen ein kommentar!