torsdag 9. oktober 2014

Haustsanking del 2 - Leve og la døy

Sist helg var det klart for sauesanking på Uknsøya. 250 dyr skulle sankast. Vel 100 skulle få gå igjen, i alle fall eitt år til. I villsauen sitt svar på X-faktor er det inga kjære mor. Der reiser ikkje taparane heim, men til eit slakteri nær deg.

Men paradoksalt nok starta dagen med å prøve å redde eit liv. På veg over fjorden såg eg ei havsule som ikkje greidde å flyge. Fleire gongar før har vi funne havsuler innvasa i fiskevegn, noko du kan lese meir om her. Havsulene har store, spisse nebb, og når vi endeleg fekk ho opp i båten, banka nok hjarta til både meg og Natalie ekstra hardt før vi fekk sikra ho under eit teppe. Vel inne til land, kom pappa ombord og skulle hjelpe å undersøkje ho. Denne gongen var det ikkje fiskevegn som var problemet, det var ingen synlege spor som gav svar på kvifor ho ikkje kunne flyge. Det var dessverre ikkje meir vi kunne gjere for ho, so vi sleppte ho ut med eit håp om at ho kanskje kunne kome seg til hektene igjen.

Havsula fekk laus nebbet, noko som gjekk ut over fingrane til Kjartan. - Foto: Terje A. Fjørtoft
Turen gjekk so til Øyarenden, der vi skulle starte å drive i saman flokken. Gjest for dagen var Egil Kvalsund, ein av primus motorane i villsaumiljøet på Sunnmøre. Han hadde stått tidleg opp for å kome på besøk. Han ville både sjå korleis vi dreiv og om han fann seg nokre vêrlam han kunne ta med tilbake til flokken sin for å bruke i avl.

Når vi hadde kome i driv, såg eg at ei av søyene sleit med å halde tempoet til resten av flokken. Som med mange andre dyr, er det vanskeleg å sjå sjukdom og skavankar hjå villsau, då evolusjonen har ført til at dei skjuler dette so godt som råd for å sleppe å verte tekne av rovdyr. Først når farta går opp, ikkje ulikt ein bøffelflokk jaga av løver i Afrika, slit dei svake med å henge med. Eg såg ikkje meir av søya. Etter at dyra var trygt inne på tunet, fekk eg beskjed om at Susanne hadde truffe på ho, når Susanne kom litt etter resten av drivarane. Då hadde ho prøvd å gøymt seg. Søya altså.

Etter litt springing vart søya fanga, og heim bar det i ei fiskekasse som vind og båre hadde fått opp i fjøresteinane. Små marginar seiast det, og for denne søya betydde det slutten. Problemet var ein låk fot, noko som kan vere alvorleg nok for dyr som skal finne maten sin sjølv midtvinters.

Uksnøy Redningsteneste - Jørn, Kjartan, Søya, Magne, Daniel, Øyvind og Egil - Foto: Terje A. Fjørtoft

Inne på tunet var det klart for å starte sjølve sorteringa av dyr. På hausten er det først og fremst vurdering av hald, alder og tenner på søyene, i tillegg til ting som har vore notert frå før på året; gjerne korleis ulla har vore og om søya har hatt fine jur. For lamma er nålauget mykje trangare. For vêrane er det sjeldan mykje håp, denne gongen var det to flotte unghynar som Egil plukka seg ut til avl som berga seg. For søyelamma gjeld det å plukke ut dei finaste dyra til avl. Talet varierer, og avhenger av kor mange søyer som skal skiftast ut.
Dommarpanelet drøftar ei søye si vidare skjebne - Foto: Terje A. Fjørtoft

Øystein og vêrane på veg over fjorden - Foto: Terje A. Fjørtoft

Lossing på Fjørtofta - Foto: Terje A. Fjørtoft

Villsauflokken ventar på vidare skjebne



Eit av dei to vêrlamma som Egil har plukka seg ut til å bruke i avl

Kva ein skal gjere utval på er ikkje enkelt. Villsauen har eit svært stor genetisk spenn, og det er viktig å bevare dette for framtida. Ved å drive veldig retta avl, risikerer ein å miste mange viktige eigenskapar. Dette kan mellom anna vere eigenskapen til å lamme på eigenhand, eller å finne maten sin sjølv vinterstid. Enkelte villsaubønder vil hevde at dei ikkje driv utval. Den einaste måten å få til det er å trekkje lodd mellom dyra, for alle gjer utval, anten bevisst eller ubevisst. Om ein ikkje passar på, kan det fort skje at flokken har endra karakter, kanskje pga at akkurat den som gjorde utvalet underbevisst synest at lysebrune sauar med svarte bein såg stilig ut. Då er det kanskje lettare å ha eit bevisst forhold til ting, og prøve å gjere eit balansert utval for å bevare fargar og trekk som held på breidda i flokken. Då er det lurt å ha med seg raseskildringa for villsau. Den finn du her.

Villsauen ska ha korte smale halar/spel, kun dekt med dekkhår slik som dette.

Saude-Jannicke, Saude-Lisa, Bjørn og Jon Arne tek ein fagprat i mellom slaga - Foto: Terje A. Fjørtoft

For dei fleste som driv med dyr, er det å sende dyra til slakteri blanda kjensler. Det er heilt naudsynt for at ein både skal halde kontroll på dyretalet og at ein skal få noko økonomisk igjen for å drive med det. Samstundes veit bøndene at dyra dei sender til slaktaren er so mykje meir enn berre ein klump med kjøt liggande vakuumpakka i ein kjøledisk. Dyra har kjensler og eigenart, somme kan vere nyskjerrige og kjælne, andre meir skeptiske. Heldigvis veit eg at dyra på Uksnøya har hatt det godt og at dei har fått levd frie og gode liv. Ved å ha respekt for dyra, får også meir respekt for maten dei gjev oss. I ei tid der mange kastar mykje mat, og tenkjer lite på korleis maten deira har hatt det fram til den kom på fatet deira, burde kanskje alle ha vore med å slakte. Når ein anten har retta geværmunningen mot eit dyr, eller sett lamma i augo i det dei ventar i slaktebilen, vert det ikkje like lett å skrape middagsrestane i boss.

Men tilbake til Uksnøya. Der var vi godt i gong med sorteringa av dyr, og det første båtlasset med dyr over til Fjørtofta hadde gått. Å sortere 250 dyr er som du kanskje skjønar ingen enkel jobb, og då var det ekstra kjekt å ha med Egil på laget for å både diskutere og lære av. Ein vert aldri utlært her i livet, og det gjeld kanskje ekstra for eit fag som villsaudrift, der det kan vere langt i mellom klare, enkle svar og fasitar. Dagen gjekk utan alt for store problem, og til slutt var det berre å takke for innsatsen til alle som kom og hjelpte oss. Det hadde aldri gått utan dykk!

Unni gjev søya ein skvett medisin før ho får sleppe ut på beitet igjen



Amalie, Tingeling og Natalie - kos er viktig, då vert dyra mindre redd folk

Eit heldig lam - ho her var av dei heldige som får gå igjen på Uksnøya

Kik innom for å sjå korleis det går vidare! Hugs også å lik sida på Facebook :)

2 kommentarer:

  1. Herleg blogg! Flotte bilde og knakande god tekst! Det er utruleg interessant å få eit lite glimt inn i korleis de driv. Denne helga var vi i tillegg ute med kajakk og fekk sjå litt av sauesankinga "live" og! Litt frå vår tur her: http://lenesintur.blogspot.no/2014/10/padling-i-yriket-i-romsdal.html

    SvarSlett
  2. Hei Lene! Takk for det! So kjekt å sjå bilete frå den flotte turen dykkar og den flotte bloggen din! Dokke hadde rimeleg flaks i år, sidan vi vanlegvis jagar sauane rett gjennom der dokke hadde lagt leirplassen ;) Eg var forresten han som var nærast då dokke runda inn sundet mellom Uksnøya og Høgværholmen. Dessverre lite tid til å slå av ein prat, men du får ta turen tilbake når det er sommar, å prøve den flotte badestranda nedom garden vår!

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar!