onsdag 3. oktober 2012

Lammefrikasse og storfint besøk

Sist søndag venta vi storfint besøk. Farmora mi Liv, som har flytta til ei leiligheit på fastlandet, skulle ta turen heim til oss for første gong. Eg lokka med middag og kanskje noko godt til dessert. Sidan det finst so mykje flotte grønsaker om hausten, passar få ting betre enn ein lammefrikasse av villsau.

Eg hadde aldri laga dette før, og starta med eit kjapt søk på nettet for å finne ei grunnoppskrift eg kunne bruke som "stokk" første gongen. Eg fann ei oppskrift på klikk.no som lovte at det skulle vere vanskeleg å slutte å ete, so det kunne vel ikkje slå feil. Etter ein tur i butikken for å kjøpe grønsaker og ein svipptur innom fryseboksen for å hente fram villsaukjøt, var det meste klart til søndagen.

Eg starta med å koke ca 1 kg kjøt under lokk i akkurat nok vatn til å dekke kjøtet. Eg nytta utbeina kjøt sidan eg ikkje hadde anna for hand. Om du nyttar til dømes bog med bein, får ein nok endå meir av den gode smaken med over i krafta.


Medan kjøtet kokte var det på tide å leite fram grønsaker og starte med å skjere dei opp i passande bitar. Eg brukte 6 poteter, 1\2 purre, 1\2 selleristang, 1\2 lita kålrabi, 2 små laukar og 3 gulrøter.


Ferdig skrella og hakka, klart til neste steg!



So laga eg ein tynn kvitsos av 3 ss mjøl og 3 ss smør. Denne spedde eg ut med ein pakke fløyte og kraft frå kjøtet. Når denne var klar, var det berre å ha i grønsakerne. Mendan dei fekk småkoke i sosen, skar vi opp kjøtet i terningar og tilsette det.

Susanne deler opp kjøtet i fine terningar

Vi smakte til med salt og peppar, og lot gryta koke slik grønsakerne vart møyre.

I mellomtida fortalte farmor om at ho hugsa når hennar mor laga lammefrikasse til familien då ho var ei lita jente. Oldemora mi, Ragna, brukte ikkje poteter i sjølve gryta, men serverte desse ved sidan av. Ho var også svært glad i grønsaker, og likte godt å eksprimentere med forskjellege vekster. Når ho hadde laga gryta sette ho den i den vedfyrte steikjeomnen heime i huset på Guttormgarden på Fjørtofta til den var ferdig. Når ein får høyre slike historie frå gamledagar går ventetida på middagen fort.


Medan farmor og Natalie sette seg til bords, hakka eg opp litt av det grøne på purra, og strødde dette over for å få litt ekstra frisk smak og farge på retten.


Middagen vart ein suksess, og oppskrifta heldt lovnaden om at det var vanskeleg å slutte å ete. Med Susanne si heimelaga eplekake og is til dessert, trur eg alle var godt nøgde!

God haust alle saman!

PS: No er det snart sauesanking igjen, so kik innom for rapportar om korleis det går!

2 kommentarer:

  1. Så koslig å sjå farmor fekk oppleve ditta!

    SvarSlett
  2. The king casino no deposit bonus, free spins, bitcoin - CommunityKhabar
    No deposit bonus, 바카라 사이트 free 1등 사이트 spins, bitcoin. ford fusion titanium No deposits bonus. No withdrawals, bitcoin no deposit bonuses, free spins, bitcoin, worrione 10k followers. communitykhabar

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar!