tirsdag 30. oktober 2012

Tilsyn med den nye båten

Laurdag var det tid for å sjå etter sauane. Dette skulle også vere jomfruturen til den nye båten som tilsynsbåt, etter ei tid på land for reperasjon.

Bror min arbeidde til seint på kvelds fredag med å byte ut den øydelagde styringa på den nye båten. Spørsmålet no var om alt fungerte som det skulle. Båten vart sjøsett og mannskapet sette straks kursen ut mot Uksnøya.

Heldigvis såg alt ut til å fungere, og vêret vart stadig betre. Inne på fastlandet låg alt den første snøen, og vi kunne sjå snøbygene som piska mot fjellsidene. Uksnøya derimot, låg bada i den lave haustsola, og snøen hadde enno ikkje meldt sin ankomst.







Utsikt mot vest

Etter å ha sjekka litt rundt om på holmane, var det tid for å spore opp flokken. Det var ikkje det vansklegaste,  ettersom ein rask kik innom gps-oversikta på mobilen fortalte meg kor dei var. Snakk om feige lag!


Dyra gjekk å beitte på eit område vi brente av for nokon år sidan. Det er godt å sjå at desse områda er populære blant sauane, og at dei friske skota med lyng freistar. Spesielt no på hausten når graset mister næringa si, er den friske røsslyngen avgjerande for dyra.



Båten og den nye styringa fungerte supert, og vindskjermen vil gjere tilsyn vinterstid mykje lettare.


Heimvegen var ikkje anna enn flott! Heime med mormor og morfar venta middag, med restane av fjorårets villsau. Då går ingen båtar fort nok, sjølv ikkje denne!

3 kommentarer:

  1. So fine bilde :) saudane e heldige som bor på ei so idyllisk øy :)

    SvarSlett
  2. Takk for det! Ja, trur ikkje dei har det so verst. I alle fall ikkje når sola skin og dei får beite på frisk lyng!

    SvarSlett
  3. Fantastisk flott bilete der sauane ruslar nedi fjøra! :)

    SvarSlett

Legg gjerne igjen ein kommentar!